fredag 31. januar 2014

God helg


Det er liksom ikkje skikkeleg helg før det er friske blomster på bordet, litt tørre kvister og orkideklokker gjer susen. God helg til alle som er innom her :)

onsdag 29. januar 2014

Min yndlingsplass
Det har vore mykje vind for tida, og då kan eg iallefall ikkje la være å gå til Bruhalsen - det kan jo være det ligg ein skatt og vantar på meg der.
                                           Brei last

 Ein annan konsekvens av vinden er alle konglene som nå ligg på bakken, tørre og fine.
 Ei stor korg med kongler er lykke for meg.


fredag 24. januar 2014

I skogen med Andreas
 Jula er over, og me er i skogen for å rydde vekk grantreet som vart felt i desember og brukt til "julegrønt". Lykkelege meg som har ein sønn med motorsag.


                Mykje kjekt ein kan bruke ein stubbe til.

 Ein kvil på krakken gjer godt, og kven kan ikkje ha godt av "å søke skogens ro"

 Stubbane ligg til tørk i skogen, dei skal nok få "nytt liv" etterkvart.
                                 Og så litt lek, det er aldri feil.

tirsdag 21. januar 2014

Kvist-terapi




 Kom over slik eit flott ord her ein dag  "kvist-terapi" å ja tenkte eg, det er akkurat det det er. Å gå ein tur i skogen og finna  nokre kvister, og så lage ein form eller eit eller anna av dei - det er god terapi for meg :)

        
 Mykje forskjelleg kvist-terapi på Hedleshaug

mandag 20. januar 2014

Butikken


 Eg synes gåsungar er så fantastiske, i tillegg til at dei er så vakre bringer dei bud om vår :) Desse har eg henta ute i hagen idag.




tirsdag 14. januar 2014

Vinterblomst
 Kjekt med noko som blomstrar på denne årstida, og som heller ikkje tar knekken om det kjem både frost og snø. Hyacinthus orientalis er ein av dei, den finnes i mange forskjellige fargar. Denne blå/lilla likar eg godt.

fredag 10. januar 2014

Korgsalg

 For å bli ein god korgmaker må ein øve og øve. Då blir det etterkvart mange korger, så nå har eg salg på "undervegskorger".

torsdag 9. januar 2014

Lerkehjerter

 Ønsker alle, som kikke innom her, godt nyttår med eit lerkehjerte laga i skogen på Bru. Når bonden rydde skog blir det masse flotte materialer som eg "berre må"  bruke, og sidan eg har som mål at du alltid skal finna eit hjerte på Hedleshaug er det greit å ha litt på lur.


 Mykje kjekt ein kan lage av litt lerkegreiner, og når dei har så masse flott kongler også, er det berre fantastisk :)