fredag 27. juni 2014


Sommerbuketter

 Trur eg har sagt det før, men lykke for meg er å vandre rundt i hagen, plukke blomster og lage fine bukettar. Noko av det eg brukar aller mest på denne tida er Stormarikåpe - Alchemilla mollis. Både blomster og blader er kjempeflotte i bukettar.


 Her er det komt med nokre orkideklokker, men dei fleiste har vel ein orkide plante eller to.




 Rosens flukt, eller berre bevis på ein fantastisk varm og flott vår ?
Då seie eg fortsatt god sommar til alle som kikkar innom her. Det er lov å legge igjen spor etter seg.

søndag 22. juni 2014


Kaffekorg
Ferdig med dagens bestilling: Korg med plass til 2 pumpekanner.  "Om litt er kaffen klar"

lørdag 14. juni 2014

Solbriller og fruktfat
 Herlege Siril, er så takknemleg for vennskap og kollegafellesskap.
"Praktisk" og flott fruktfat til tur eller hagebruk ;)  Dette har Siril fletta på juletrestammen sin.

torsdag 12. juni 2014

Kvardagsgleder
 Er mest kvardagar i livet. Det handlar kanskje om tid til undring, og å legge merke til dei små tinga.


Sommarblomster
 Eg elske den tida då eg kan plukke mest alle blomstene til bukettane frå hagen. Jobbar stadig med å utvide staudebeda :)

Marikåpe, peoner og gode venner. Takknemleg for alt.


tirsdag 10. juni 2014


Badenymfene

 Me hadde ein utruleg morsom dag, meir bilder kjem i boka.

torsdag 5. juni 2014

Fortsettelse 

 Det blir litt rart på bloggen dette, sidan nye innlegg ligg øverst, men me tek eit steg videre likevel. Er forresten 15 grader i sjøen no :)

tirsdag 3. juni 2014

Den store badedagen
 Ingenting å utsette på transporten.
 Omkledningsrommet, hum, ja litt luftig, men det gjorde nytten.
Badedrakten til tørk på snora, det gjekk igrunnen bedre enn forventa. Ingeborg har tatt enormt mange artige bilder - og me gleder oss til me endeleg får presentert alt det kjekke me har gjort i boka.

mandag 2. juni 2014


Pilbadedrakt
 Leveggen og badevakten er klar, badedrakten skal få for og siste finpuss idag. Imorgon hoppar me i havet.
Sjekk bikinien til Siril her:
https://scontent-a-fra.xx.fbcdn.net/hphotos-xaf1/t1.0-9/10371501_10152090664042344_7774014127149922979_n.jpg