tirsdag 23. april 2019


                 Søppelfuglar


 Sidan det er så lenge sidan eg har posta noko her lagar eg like greit eit innlegg om fuglane til Maria også. Dei aller fleiste av desse er "flydd" til nye heimar, men jammen godt me har bildene å sjå tilbake på.
 

 Hegren står fast, og er ikkje flydyktig lenger, så den blir her.




 Kvaliteten på bilde er ikkje god, men fuglen er ein spennande afrikaner.


Skapande, flittige hender.

                  Narcisser
 Eg er ikkje så glad i sterkt gule blomster, så dei gamle påskeliljene i hagen er på flyttefot. Men iår gjorde eg likevel ei kjekk oppdaging, og det var at  dei fungerer kjempeflott som flyteblomster.
 Her kjem eit knippe av alle dei forskjellige kvite narcissene eg nå har i hagen - lykke.



















 Ja det er ei stor lykke for meg å kunne plukke så masse bukettar frå hagen.
Sidan det er lenge sidan eg har posta noko her på bloggen kom det likegodt to innlegg i kveld.  Ønsker alle gode vårdagar, håpar de har like mykje glede av alt som spirer og gror som meg.

mandag 22. april 2019

                                     Påskeegg


 Kosa meg med betong og støypt masse egg, desse er i tillegg spraya med kobbarfarge.


 Betongegg og ein vakker ny perleblomst



Treegga i hasseltre har ikkje fått ein einaste dråpe regn denne påska, 2 påskedag kraup gradestoken like opp til 22 grader. Fantastisk med slike flotte, varme og solfyllte dagar, men nå håpar eg det snart kjem regn.

tirsdag 26. februar 2019


                            For ein dag

 Når me arbeider med gratis materialer, er bonusen at me kan gå på tur og hente akkurat når det passar oss. I dag var ein slik dag - litt tåke, men sola er der, bekken klukkar, blomstene sprett og fuglane gjer meir enn synge - blir ganske våryre me og.
 Først var me i marka og henta einergreiner - utruleg masse flotte emne, største problemet er å begrense seg.

Kva me skal bruke greinene til ?  Vent å sjå :)
 Så måtte me berre ein tur innom den magiske skogen - eit lys og ein stemning som ikkje kan beskrivast med ord.  Helse i kvart eit steg.

 For ein lykkedag - den fantastiske turen og trillebåra full av mose og einergreiner.



Me rakk å lage eit par hjerter også.
 Stein i skogen - glede i hjerta.



søndag 24. februar 2019


                          Farvel til nissen

 Nissen på trappa har sagt hei til meg i 2 mnd.  nå har den igrunnen "gjort sitt"

 Kjekt å kunna ta ein tur i hagen og finne masse vårteikn - og feite makkar i jorda.
 Nok å ta av, trur dei har godt av å bli tynna litt i.  Etter trappelivet plantar eg dei ned på nye stader.

 Takk for englane Diana - nå er det dei som seier hei  - og minner meg om deg :)
 Er så glad i gåsungar, og synes dei gjer seg godt i skiferkrukka.
Betongkrukken vart til då me støypte muren til nybygget, og det var litt ekstra betong.


Fuglane gleder meg alltid - om dei er flydyktige eller ikkje. Våren på Bru er fantastisk - håper du også finn noko du kan glede deg over, om det er vinter eller vårteikn er ikkje så viktig.