Viser innlegg med etiketten Skatter frå naturen.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Skatter frå naturen.. Vis alle innlegg

mandag 17. oktober 2016

Samlar

 For meg som prøver å livnære meg av "gratismaterialer" er samleturar ein viktig del -  ein del eg likar særs godt.

      Fullasta traktor og ein søppelsekk med "englegras"
                               Lykke i ein grøftekant.
Siste lass med hortensia denne hausten.

tirsdag 16. desember 2014

Gras og gulltråd

 I dag har me laga stjerner av tørt gras og gulltråd, og kransar av pil og kornellgreiner.

 Kransen er også på plass på døra vår.

torsdag 11. september 2014

Eplekjekk

 Maria og eg koser oss med å flette eplefat i sommarvarmen.

 Måtte berre ta med eit bilde av temperaturen idag, 11 september klokka 13.30 (gradestokken står i skuggen altså )

tirsdag 26. august 2014

Haustgleder
 Ingen tvil om at eg er mykje meir glad i våren enn hausten, så då gjeld det å leita etter gode haustgleder. Og eg treng igrunnen ikkje gå langt. Nokre dagar til med sol så er druene modne.

 Bjørnebæra har eg alt smaka på, og jammen har det ikkje sneke seg inn nokre "ville" med tornar på også. Ganske frimodig, men dei smakar igrunnen endå bedre enn dei "tamme".


                                          Raud aroma

Jo, hausten har nå mange gleder den og. God dag til deg som kikkar innom her - håper du også finn haustgleder langs din veg.

fredag 22. august 2014

Rognebær
 Nå er tida for å plukke, og bruke rognebær.
 Tenk å overraske naboen med eit slik hjerte på trappa. Bonus er spenningen når ein lister seg rundt midt på natta for å legge dei ut.
 Med dette hjerta ønsker eg velkommen inn i verkstaden. Denne hausten kjem eg til å være her mykje, Hedleshaug er nemleg blitt godkjent som lærebedrift i Blomsterdekoratørfaget.

tirsdag 19. august 2014


Kurs
 Materialene til kveldens kurs er på plass. Eg like når eg kan vandre rundt i hagen og finne alt eg treng - og slepp å reise til byen.



søndag 17. august 2014

Hortensia
 No er hortensiaen avblomstra og klar for eit liv i vase. Det begynner å bli mykje fine fargar, og buskane bugnar av blomster.




Foreløpig er det sjølvplukk på feltet i svingen. Husk å sette dei i varmt vatn, og er dei "slakke" ein dag, prøv med nytt varmt vatn og eit nytt snitt i stilken.

tirsdag 1. april 2014

Skatt

Eg fann denne dingsen på ein av mine mange turar til stranda, og for meg er dette ein skatt. Skjønar likevel at ikkje alle andre ser same verdien i ein slik betongklump med litt rusta jern.
Bilde under viser kva denne "skatten" no er blitt til.

tirsdag 29. oktober 2013

Kastanjenøtter og ospeblader

 Ikkje heilt den same gløden på blada når dei er tørka, men det er vel slik det skal være.

tirsdag 30. august 2011

Sommarfuglar

Admiralen på besøk.

Alle som er glad i sommarfuglar må ha minst ein slik busk i hagen.

Klikk på bildene så kjem du nærare.

Tidleg haust er god plantetid, spør etter sommarfuglbusk, Buddleia. Ein villig og vekstkraftig busk, bør skjerast kraftig ned kvar vår.


Taravigå

Ein sykkeltur til Taravigå er mykje meir enn eit forfriskande bad.

Kven kan skapa slike former ?


Resultat av turen.