Viser innlegg med etiketten Helgabukett. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Helgabukett. Vis alle innlegg

fredag 20. mars 2015

Hagebukett

 I dag ville me prøve å sjå kva me kunne få til å lage berre av materiale frå hagen. Først laga me ein konstruksjon av forskjellige greiner.
        Blomstene her er Skimmia og Påskeliljer.

                                                
Kjekt å sjå forandringa dag for dag ettersom Påskeliljene åpnar seg. Gåsungane står ikkje i vatn, og vil derfor ikkje vekse meir eller bli fulle av pollen.





 Her er ein annan med Kastanjeskudd og Kirsebærknoppar. Kirsebærgreinene har stått inne nokre dagar.

torsdag 6. november 2014

Ekstrahjelp

 I dag har eg hatt ekstrahjelp i verkstaden. Ho er berre eit år, men kjempeflink til å plukke hortensia. Og barnevogna fungerer fint for blomstertransport. Det går så absolutt mot slutten av hortensiasesongen no, men sidan det ikkje har vore frost enno så er det likevel muleg å finne litt.

 På vegen igjen, nå med helgabukettar til å sette i Hortensiasvingen.
Det vart nok til ein stor fin krans idag også. Har sagt det før, men Hortensia er ein fantastisk plante.