Viser innlegg med etiketten Hedleshaug. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hedleshaug. Vis alle innlegg
mandag 13. juli 2020
Klokkeranke Cobaea scandens
Slik såg spirene ut i mars
Og sånn er det nå - rett før knoppane åpne seg.
Mykje og villeg vekst her - gleder meg til blomstring :) Flott både som klatrar, og hengeplante.
Sådde frø i fjor også, men då blei det ikkje noko av dei. Venter i spenning på blomstring og frøsanking etterkvart.
fredag 3. juli 2020
Siril, meg og boka.
Sidan det står stykke om meg i Allers idag, og der blir det nevnt at eg har vore med å skrive bok - er det kanskje ein mulegheit til å gjere eit lite salgsframstøt. For det var både kjekkare og enklare å lage boka, enn å selge den. Bilde over er frå boka og tatt av fotograf Ingeborg Skrudland
Ser du godt etter er det til og med kjendisar som har uttalt seg - og er begeistra :)
Her frå stykket i Allers. Var Siril som hadde drøm om å skrive bok - og tenk, så fekk eg være med med, stas !
Sidan det står stykke om meg i Allers idag, og der blir det nevnt at eg har vore med å skrive bok - er det kanskje ein mulegheit til å gjere eit lite salgsframstøt. For det var både kjekkare og enklare å lage boka, enn å selge den. Bilde over er frå boka og tatt av fotograf Ingeborg Skrudland
Ser du godt etter er det til og med kjendisar som har uttalt seg - og er begeistra :)
Her frå stykket i Allers. Var Siril som hadde drøm om å skrive bok - og tenk, så fekk eg være med med, stas !
haugenbok.no
fredag 7. juni 2019
Blått til lyst
Lobelia, eit must på trappa mi.
Er så glad i akkeleie, dei frøsår seg på kryss og tvers, så her blir det etterkvar mange spennande fargekombinasjonar
Iris er også ein favoritt, denne lyseblå er berre nydeleg.
Planten under kjem frå Jostein på Talgje ein kryssning av St. Pauli og Streptocarpus.
Rett før - utruleg flott farge synes eg.
Blomsterglede og helsebot.
søndag 2. juni 2019
Papirfletting
For ei stund sidan hadde me triveleg besøk av Beate som lærte oss papirfletting av avispapir. Me fletta runde korger saman med Beate.
Sidan har me rulla og rulla - for det går enormt mykje "papirpinnar" til for å flette ei slik korg.
Så har me fletta firkanta korger med papp i bunn. Dette har me lyst å gjere meir av, men me treng hjelp til rullinga. Difor inviterer me til åpen dag med papir-rulling førstkommande torsdag frå 10-13 Alle som har lyst å lære dette, og vil hjelpe oss med rullinga er velkomne innom :) Triveleg lag, kaffe/te og kyndig vegledning til alle som kjem :)
Til slutt kan korgene malast, dette er gjenbruk me likar.
tirsdag 26. februar 2019
For ein dag
Når me arbeider med gratis materialer, er bonusen at me kan gå på tur og hente akkurat når det passar oss. I dag var ein slik dag - litt tåke, men sola er der, bekken klukkar, blomstene sprett og fuglane gjer meir enn synge - blir ganske våryre me og.
Først var me i marka og henta einergreiner - utruleg masse flotte emne, største problemet er å begrense seg.
Kva me skal bruke greinene til ? Vent å sjå :)
Så måtte me berre ein tur innom den magiske skogen - eit lys og ein stemning som ikkje kan beskrivast med ord. Helse i kvart eit steg.
For ein lykkedag - den fantastiske turen og trillebåra full av mose og einergreiner.
Me rakk å lage eit par hjerter også.
Stein i skogen - glede i hjerta.
søndag 27. januar 2019
Bjørkelykke
Veit ikkje om "bjørkelykke" er eit forrektig ord, men eg likar det - og så er det i alle fall rett at me blir lykkelege av å arbeide med bjørkeris. Først turen i skogen, så gleden over det som etterkvart veks fram.
Teknikken kallast nålebinding - me brukar store nåler og syr med brunt bøtegarn.
Størrelse og form bestemmer ein heilt sjølv - og for dei som kjenner oss er det vel ingen løyndom at det største fatet er mitt.
Stjerna og hjertene er surra med ståltråd.
Etiketter:
Bjørk,
bjørkefat,
bjørkehjerte,
Bjørkeris,
Hedleshaug,
Lykke
søndag 13. januar 2019
Håpstre 2
På tur i marka med Daryosh for å finna "håpstre" Etter at me hadde funne fleire mulege emner skulle me berre gå litt lenger - var berre noko eg "måtte vise" han. Då me gjekk forbi dette, såg me på kvarandre og begge forstod kva den andre tenkte - her er det rette treet.
Brei last på veg heim. Fantastisk med soldagar - får heller tole litt skygge på bildene.
Vel heime fjerna me alle nålene, og fekk det på plass - det passa perfekt.
Nå står det her og ventar på nye blader. Symbolske blader av knust glass, noko som har gått istykker, men som gjennom bearbeiding har fått eit vakkert arr. Ein skjer seg ikkje lenger på det, smerten er tåleleg og erfaringa kan bli ein berikelse fordi ein vågar å dele og høyrer til i eit fellesskap.
Tanken er at alle som er innom her, og har lyst, kan finne "sitt blad" og henge på tre. Kvart nytt blad gjer treet endå vakkrare.
Etiketter:
havfruetårer,
Hedleshaug,
håp,
Håpstre,
knust glass,
smerte
Abonner på:
Innlegg (Atom)
















































