søndag 2. juni 2019



                Papirfletting 

 For ei stund sidan hadde me triveleg besøk av Beate som lærte oss papirfletting av avispapir.  Me fletta runde korger saman med Beate.

 Sidan har me rulla og rulla - for det går enormt mykje "papirpinnar" til for å flette ei slik korg.

 Så har me fletta firkanta korger med papp i bunn. Dette har me lyst å gjere meir av, men me treng hjelp til rullinga. Difor inviterer me til åpen dag med papir-rulling førstkommande torsdag  frå 10-13 Alle som har lyst å lære dette, og vil hjelpe oss med rullinga er velkomne innom :)  Triveleg lag, kaffe/te og kyndig vegledning til alle som kjem  :)
 Til slutt kan korgene malast, dette er gjenbruk me likar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar