Viser innlegg med etiketten Skatter frå naturen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Skatter frå naturen. Vis alle innlegg

onsdag 29. januar 2014

Min yndlingsplass
Det har vore mykje vind for tida, og då kan eg iallefall ikkje la være å gå til Bruhalsen - det kan jo være det ligg ein skatt og vantar på meg der.
                                           Brei last

 Ein annan konsekvens av vinden er alle konglene som nå ligg på bakken, tørre og fine.
 Ei stor korg med kongler er lykke for meg.


fredag 24. januar 2014

I skogen med Andreas
 Jula er over, og me er i skogen for å rydde vekk grantreet som vart felt i desember og brukt til "julegrønt". Lykkelege meg som har ein sønn med motorsag.


                Mykje kjekt ein kan bruke ein stubbe til.

 Ein kvil på krakken gjer godt, og kven kan ikkje ha godt av "å søke skogens ro"

 Stubbane ligg til tørk i skogen, dei skal nok få "nytt liv" etterkvart.
                                 Og så litt lek, det er aldri feil.

mandag 21. oktober 2013


Pakke i posten.

Heldige meg som har så fantastiske tantebarn i Oslo.



fredag 18. oktober 2013

søndag 8. september 2013


Englane hoppar i høyet.
 Heldige meg som kan sitja i hagen og laga englar av gras.


mandag 2. september 2013

VELKOMMEN 

 Med dette hjerta laga av haustens vakre rognebær ønsker eg alle som kikkar innom velkommen tilbake, håper alle har hatt ein god sommar. Det har eg, og no er eg klar for nye prosjekter. Mange spennande ting er på trappene, og eg skal prøve å fortelle litt her om kva som skjer.
 Far er også igong med krukkeproduksjon, og nå håpar me på ein liten kolleksjon til opningen av ny butikk i november.
Velkommen inn i hagen, i verkstedet, i min verden og etterkvart også butikken.

torsdag 11. april 2013

Kva gjer du sa bonden?
          Eg lo, og sa det som det var - og no er eg ein lykkeleg eigar av ei sekk med tørt gras.
                                                     
Av graset kan eg lage mange fine hjerter, ein form for gjenbruk det og.


tirsdag 10. juli 2012

Hylleblomst   Sambucus nigra

Nå bugnar trea av masse Hylleblomster - og for dei som er glad i denne smaken er det berre å ta seg ein tur ut  å plukke.

Her er oppskrifta eg bruker på saft: 40 blomsterklasar, 2 sitroner, 40g sitronsyre, 2 l vatn, 1/2 kg sukker (gjerne mindre)
Rist ut småinnsekter, skyll om nødvendig. Skjær sitronene i skiver og legg blomster og sitroner lagvis. Kok opp sukkerlaken og hell over, la stå kjølig i 2-3 dager, rør litt. Sil og bland i sitronsyre. Eg frys safta og brukar derfor ikkje sitronsyra.

Gave frå ein god venn.

Etter to dagar i kjøleskapet er det berre å nyte.