Litt om meg

Eg tok fagbrev som blomsterdekoratør i 1989, har jobba fleire år hos Kolnes Blomster i Stavanger, og 5 år som lærar på Blomsterdekoratørlinja på Bergeland videregåande skule. No held eg på med utdanning i kurvmakerfaget, og er blitt svært fasinert av pil og alt anna som kan flettast. Eg har alltid vore glad i å bruke naturmaterialer, noko som arbeida mine ber tydeleg preg av.

Me har også ein stor hage som eg er svært glad i, og som eg håper kan bli til glede og inspirasjon for mange andre.