torsdag 29. oktober 2015


Fagert er landet
 Då eg tok morgonbadet idag i blikkstille sjø, kom denne sangen til meg, og den har tona i meg heile dagen.
Fagert er landet du oss gav,
Herre, vår Gud og vår Fader!
Fagert det stig av blåe hav,
soli ho sprett og ho glader,
signar vårt land i nord og sud;
soleis di åsyn lyser, Gud,
over vårt Noreg i nåde.
Anders Hovden

 Å koma heim frå sjøen, og bli møtt med denne veggen var ikkje mindre flott.



 Og så har me sote ute, i nydeleg varmt haustver og laga hortensiakransar i dag - 28 oktober.
Takknemleg for landet, folka og alt eg får oppleve. La oss være rause, det er så ufatteleg mange som ikkje har det som oss.


Betongbil i nattemørke
                Betongbil i tunet før kloka 07
Veggen reiser seg, me ser konturen av nybygget - dette er kjempespennande.

 Bonus for meg var litt for mykje betong. Det vart både krukker og mange betongføter til å lage tre og andre kjekkt ting på.

 "Pinnen" i midten er den biten som blir knekt av etter forskalingslemmene er tatt bort - gjennbruk er fint.


onsdag 21. oktober 2015


Hortensia

 Ei trillebår full av hortensia - kvardagslykke for meg.
No er me komt til den tida der hortensiaen tørkar. Det fungerer fint å binde kransar av frisk hortensia, og så berre la den tørke i kransen. Den øverste er bunden på halmring, dei to andre rett på ståltråd.




Denne har pryda veggen i stova vår sidan i fjor haust.

fredag 16. oktober 2015


Skiferkrukker

 Far er flittig og krukkene blir flotte :)  No gleder me oss til nye arbeidslokale og gode utstillingsrom.



 Godt å kunne rydde litt i rotet, og bål er alltid kjekt. På mandag begynner me å forskale veggene i grov-verkstaden. Dette er spennande, gamle drømmer blir oppfylt.

 Bålkos i blåtime på endå ein fantastiske haustdag - ikkje eit einaste lite vindpust. Vanskeleg å gå inn på slike kveldar.
Med desse flammane ønsker eg alle som kikkar innom her god helg.

onsdag 14. oktober 2015


Gjer kvardagen god

Blå himmel, rød asal, kvit jordbærblomst.  Ennå ein vakker haustdag.
 Om sommaren ikkje var varm, så har iallefall hausten vore fantastisk.

                                           Roser i oktober

        Måtte berre ha ein padletur i kvellinga idag.
                         Carpe diem
 Og sidan eg var litt treig i morres, vart det kveldsbad idag. Gradestokken stod på 12 då eg heiv den uti - og steig til 14. Ikkje verst det 14 oktober :)

tirsdag 6. oktober 2015

Byggeprosjektet

Forskalinga er klar, nå vente me berre på betongbilen.



Veggene i garasjen er på plass. Artig den plata inne i høgre hjørnet, må nok bli signatur frå alle arbeidsfolka der. Eg likar slike ting som ikkje var heilt planlagt ;)



 Og her begynner grunnen til utvidelsen av verkstaden også og ta form. Takknemleg for godt arbeidsvær, 3 oktober , sol og 17 grader :) Utruleg så mange lass mold som må kjørast vekk. Gleder meg verkeleg til me er ferdige med grunnarbeidet.

lørdag 3. oktober 2015


Høstormedrue 
 Høstormedruene ser ut til å være sommarfuglanes favoritt denne hausten, ein dag sat det 8 stk på same blomst. Høstormedrue, Actaea simplex tidlegare bar den navnet Cimicifuga, men botanikare har nå bestemt at den heiter Actaea simplex.
 Same kva dei heiter, flotte er dei og både sommarfuglane og eg nyt dei. Eg har også delt mine og fått planter mange stader i hagen.
God helg, og sommarfugelhelsing frå Bru til alle som kikkar innom her.