mandag 10. desember 2018


         Julabutikk på Hedleshaug

 Porten er åpen heilt til klokka 20 torsdag 13 desember.

 Me laga så mykje fint til julemessa, og sidan alt ikkje vart seld blir det åpent på Hedleshaug heile torsdagen denne veka.







Kaffe, te og gløgg til alle som har lyst å komme innom.

søndag 25. november 2018


                     Snart jul

 Har hatt ei fantastisk veke med flott vintervær, lite snø, men mykje stemning likevel.




 Var så heldig å få tak på kongleformer i Danmark i sommar :) Betong er eit spennande materiale å jobbe med.

 Me har også støypt masse soppar -  dei blir til salgs på julemessa i Mastrahallen neste lørdag.

 Og så hadde me ein fantastisk dag med laging av einertre i marka i går.
Velsigna adventstid til alle som kikkar innom her.

onsdag 17. oktober 2018


             Hortensia på flyttefot


Så gjekk me til verks med motorsag og gravemaskin - ja for det måtte verkeleg krefter til då dei store  hortensiarøtene skulle opp or den gode jorda i Hauaskog. Her har dei blomstra så flitig i 30 år. Lite visste dei, om at dei skulle bli ein del av europeisk kulturhovedstat, då dei blei med meg heim som kasserte potteplanter frå Kolnes Blomster ein gong på midten av 80 tallet.



 Så nå er blomstene i trillebåra - tidlegare innlegg, bytta ut med røter på flyttefot. Har vore hortensia i hagen på Hedleshaug så lenge eg har butt her, men no blir det mykje meir - ein liten hortensiaskog trur eg :)

Er det andre som har lyst på ein bit eller to blir det salg av hortensiarøter  i Hortensiahagen førstkommande lørdag mellom 14 og 16
Denne lørdagen er det lov å kjøre til Kyllinghuset,  derfrå må du gå opp i Hortensiahagen - ta med bøtte, søppelsekk eller noko anna å bære i,  og støvlar er anbefalt fottøy. 
Me tek 50 kr. pr. rotbit kontant eller vipps til Aud Jorunn eller Jofrid    Send gjerne ein melding om du er inressert, så har me litt peiling på kor mange me skal legge av.



 Ein siste bukett på gravemaskinen takkar for uendeleg mange blomstergleder.
 Og då eg gjekk heim den kvelden stråla himmelen i same farge som trillebåra - for meg vart det løfte om ny sommar og ny blomstring ein annan stad.


torsdag 4. oktober 2018

                               Hagevandring



Har lyst å ta dokke med på ein liten vandring inn i noko av alt det flotte eg fekk sjå og oppleva på vår lille Danmarkstur i sommar.  Ein av hagane me var i var Anne Just sin i Hune. Lar bildene tale for seg utan så mykje av mine kommentarer.












              
       Ein artigare måte  å skjule noko av det mest nødvendige på skal ein leite lenge etter.




Denne organiske pergolaen lika eg godt.








Stor takk til han som orka være med meg såååååå langt inn i hageverden.

For dei som vil sjå meir frå denne hagen er det berre å google Haven i Hune, men aller kjekkast er det jo å besøke hagen sjølv.

mandag 24. september 2018


             Engelen i Perlehagen

 I dag har eg lyst å framsnakke ei fantastiske dama  - Sissel i Perlehagen.  Det er berre så utruleg godt og inspirerande å stikke innom til Sissel. Klemmen, møte og atmosfæren - det gjer så godt, ein kan berre stå der og "varme seg",  til og med om regnet siler ned. Og så er det masse flotte planter, potter og  små skatter for den som har sans og auga for slikt.


 Peter Pan fekk bli med meg idag - nå danser han i torget og minner meg på kor viktig det er med balanse - ein klarer mykje når ein er i balanse .       
Og så har ho så mange flotte løkar som treng å få komme i jorda nå. Oppmodar alle i Stavanger distriktet å ta turen innom Perlehagen og kjøpe med seg nokre løkar.

Bildene under her er frå Facebook sida til Perlehagen - kikk gjerne innom der, og la deg begeistre.  Og så håper eg mange tek turen innom denne veka,  dette er nemleg siste veka Perlehagen har åpent denne hausten. Løk er også flott i krukker :)

Bildet kan inneholde: plante, blomst, utendørs og naturBildet kan inneholde: plante, blomst og naturBildet kan inneholde: blomst, plante og natur

Eg heie på deg Sissel, heldige dei på Tjensvoll som har slik ei perle i nabolaget.


onsdag 19. september 2018


                      Mandagslykke


 På ein heller regntung onsdagskveld passar det godt å tenke tilbake på ein flott mandag. Etter morgonbadet går eg i Hauaskog og skjer hortensia.


Så ein neve med nøtter - aldri smakar hasselnøttene så godt som når dei er nyplukka og knekte med stein på stein i Hauaskog.


Full-lasta og klar for bytur. Ei ny veke er godt igang :)