fredag 26. februar 2016

Torget

 Har laga meg ein ny midlertidig platting. Sjølvom det fortsatt er byggeplass, er det kjekt å kunna ta imot gjester. Denne helga får eg besøk av ein sprek gjeng.

 Tolmod er ein dyd, og "ventar ikkje forgjeves som ventar på noko godt" heiter det. Gleder meg så til tømmermannen kjem.  God helg, mens me ventar.

fredag 19. februar 2016

Gul pil

 Gule pinnar i pilåkeren min.
 Fargen blir litt mattare når den tørkar, men det blir likevel eit flott fargespel.

 Måtte berre lage nokre kransar og hjerter med innslag av nyhausta pil - lykke det.

Kransen med sløyfe i innlegget under her er frå ifjor, flott i fargen ennå. I den er det brukt ei pil som heiter alba og den er gulare i fargen enn denne.

onsdag 17. februar 2016


Vårtegn
 Rart kor kjærkomme det er med vårtegn på denne tida. Og sjølvom gradestokken er under null sprett det fram både her og der.
 Uante krefter har små spirer som strekker seg mot lyset.




 I dag har hjertene fått pynt.




Og så ein liten drøm om grønt gras og blomster i hagen.


torsdag 11. februar 2016