onsdag 27. september 2017

Velkommen til Hedleshaug

Det har skjedd mykje på Hedleshaug denne våren. Byggeperioden er ikkje heilt ferdig, mange meiner forresten at det kjem den heller aldri til å bli. Ei dama med så mange ideear og draumar kan vanskeleg stoppast.
Har nokon lyst å komme innom er det berre å ta kontakt - åpningstidene her er når eg er heime :) Denne hausten planlegg me også å være på folkeverkstaden på Vikevåg ein dag i veka - eit spennande prosjekt som eg kjem tilbake til.


Me er stadig på tur med trillebåra. Og når me har lasta opp altfor mange steinar saman med plastsøppel og andre skattar - kjem det jammen ein engel på traktor og kjører lasset heim.


Så utruleg mykje flott å møte på, på ein tur til Bruhalsen ein heilt vanleg onsdag.

Etter ein runde i vaskebaljen tryller Maria fram fantastisk flotte fuglar av plastsøppel - 100 % ikkje nedbrytbare, men gjennbruk på høgt plan. Det blir salgsutstilling våren 2018.

Eg får det betre til med pil,  undrast på om det er kylling i egget ?
Og så har me endeleg starta med krukkeproduksjon i nytt lokale. Her er starten på mi første skiferkrukke - dette er spennande.
Som sagt, er det noko som fristar, treng du inspirasjon, ein plante til hagen, eit hjerta til veggen, ein kaffeskvett og ein drøs eller har du lyst å gå på kurs - ta kontakt:  tlf. 975 38 321, jofridbru@gmail.com eller Hedleshaug på facebook

onsdag 20. september 2017


                                       Grenseland


Nå har eg lyst å ta dykk med på ei lita vandring inn i eit stort prosjekt som me jobba mykje med i  vinter og vår. Oppdraget var å lage ein global landsby til Det Norske Misjonsselskap si generalforsamling i Stavanger. Me ville prøve å lage ein landsby som ikkje var geografisk, ein skulle  ikkje vite kor i verden det var - berre at ein var.

Er ikkje så lett å gjennskape stemningen på bildene, og ein høyrer heller ikkje lyden av fuglar, sirisser og froskar som ein kunne høyre når ein vandra rundt her. 
Kanskje dei virkar litt tause menneska du møter her, men alle har ein historie å fortelle. Og om du tok deg tid og var stille nok kan det hende dama fekk tillit til deg og fortalde kva som hadde skjedd med armane hennar. Vold mot kvinner er ein stor utfordring mange stader i verden.
Godt noko bryr seg, og strikkar varme skjerf til dei som frys.
Alt som var laga var også til salgs, og me er stolte over å ha solgt varer i landsbyen for godt over 30 000. Håper pengene kan være med å bety ein forskjell for nokon som verkeleg treng det - takk til alle som handla i landsbyen.
Det var ein metafor- og kunstby, og for den som hadde tid og eit åpent sinn, var det mange ting å reflektere over.
Det enkle sytlause livet i hytta ?  Kanskje det, eller det strevsame å utrygge - eller litt av begge deler ?

 
Kva historier har denne dama å fortelle ? 

Kyrkja midt i landsbyen  - det største og mest iøynefallande bygget, og kanskje det viktigaste ?  I mange land representerer kyrkja viktige element i kulturen, og tek seg av både åndeleg og lekamleg helse, undervisning og forskjellige aktiviteter.

Kyrkja fungerte som eit "stille rom" midt i byen og "larmen"  mange  satte seg ned og blei velsigna her.

Fisk er eit gammalt kristen symbol, midt i kyrkja var ein fiskestim med ord - ord til undring og ettertanke, kanskje litt andre ord enn dei ein vanlegvis møter i ei norsk høgmesse. Nokon gonger er eit ord nok.


Kyrkja var forma som ein kvelva båt med runde vindu/kuøye.  Var fleire som meinte den likna meir på eit fly,  det kjem an på auga som ser. Kyrkja blei lågare og lågare jo lenger inn du gjekk - og tanken var - er kyrkja er eit stigande eller synkande skip ?

Ein stubbe å sette seg på, ein brønn å ause av ?
Skal det være eit løvetannfrø eller ein fugl av plastsøppel ?  Tema for generalforsamlingen var Grenseløst, og me brukte løvetannen som metafor og dekor. hadde laga bortimot 2000 løvetannblomster av gult garn - dei dukka opp overalt.
Leikande brune barn laga av lerkegreiner.
Her inne i beduinteltet kunne ein setja seg ned og få nærare kjennskap til misjonsprosjekta.
Denne unge jenta fekk ikkje være med dei andre barna i leiken, fordi ho sjølv bar eit barn i magen.

Ladestasjon for mobiltelefon og andre trengande.
Dette bilde er frå scenen i hovedsalen, ikkje så lett å sjå, men ei stor åpen Sareptas krukke med løvetann og fossefall av løvetann i bakgrunnen.   Klikk på bilde, om du vil sjå nærare på dei - god vandring.

torsdag 7. september 2017

Mat auke

 Fantastisk å kunne hauste mat frå eigen hage.  I mange år no har eg ikkje har dyrka noko ting, men etter eg fekk tak på Sluxx, har hagegleden og dyrkingsgleden komttilbake.

 Ingenting smakar så godt som kortreist mat frå eigen hage - det er hagelykke det :)

lørdag 2. september 2017

Plantebyttedag

 Driv å deler stauder og forbereder plantebyttedagen - jammen ikkje lett å vite kor mykje eg skal spa opp.

 Velkommen i hagen med eller utan planter, det blir også salg av haustplanter.


Ser du godt etter, ser du kanskje at det heng to "lurendreiere" i treet Kjem du innom på tirsdagskvelden kan du flette deg eit par slike.



 Velkommen til Hedleshaug førstkommande tirsdag kl 19  - husk å sett bilen på Kulturbruket.