mandag 26. mai 2014

Ut på tur
                                    Spennande å være på tur.   http://radio.nrk.no/.../distri.../dkro01010414/26-05-2014...
Men eg trives nok aller best her, og det trur eg lerkedama mi også gjer.
Valmuelykke





onsdag 21. mai 2014

Lyden av regn
 Tenk, idag åpne eg kjøkkendørå og nyte lyden av regn.

Trepioner
 Dette året er det svært mykje blomster i trepionene mine. Her gjeld det å gripe dagen og nyte øyeblikka. Men dei har jo også så fint bladverk og kjempeflotte "frøblomster" så desse gjer stor glede i hagen. Og så spirer det mange nye planter frå dei flotte svarte frøa.


 Første året dei gule blomstrar - takk, takk Ingeborg.





mandag 12. mai 2014

Magisk morgon på Line




                  Her ligge skattane berre og ventar.
 For ein plass å innta frokosten. Etter ei travel, men fantastisk helg er det balsam og påfyll å få starte ei ny veke på denne måten. Bølgeskvulp, fuglesang, kaffe og morgonstemning.

 Hum, kor mykje av dette er det plass til i kajakken ?
                                                   ALT  :)

Det var meir plass i kajakken enn sykkelen, men resten ligg trygt i naustet. God dag til alle som kikkar innom her - håper nokon blei inspirert til tur/skattejakt :)

tirsdag 6. mai 2014

Bryllaup på australsk vis

Forrige veke var det stor aktivitet i verkstaden min, ein gjeng med australske damer var her og laga brudebukett, "brudepike-bukettar", corsage og masse anna flott til stor bryllaupsfest på Låven.

     Skimmia, rhododendron og hegg i Norgesglass.
         Etterkvart kom også villtullipanene også på plass.
                                        Til brudefølget.
                            Transporten til Låven er klar.
 Her skal være både vielse og fest, så noko er på plass og noko på vent.

                                            Låven på ein ny måte.

                                      Velkommen til kaffe i hagen.

mandag 5. mai 2014


Bordpynt

Held på å lage ei ny side med bilder av forskjellig bordpynt, er ikkje heilt ferdig, men sidan det er midt i konfirmasjonstida - og eit aktuelt tema for mange pubilserer eg den no. Litt uferdig - det kjem meir bilder her etterkvart.