onsdag 24. juni 2015


Sandy
 Eg har hatt gleden av å ha ei kinesisk dame her i vår. Lærenem, kreativ, dyktig og triveleg.

Ikkje redd for å prøve nye materialer den dama. Og mykje kjekt kan det også bli av litt tørt gras.



 Alle desse bildene viser ting ho har laga.



fredag 19. juni 2015

Fletteprosjekt veke 25
 Denne veka har me prøvd oss på ein alpakka,  bestilling frå ein kunde. Og Sandy har prøvd ut forskjellige teknikkar og former på sine produkter.

Nå skjer det

 Endeleg er alle formaliteter iorden, og tillatelser gitt. Me er meir enn klar for å rive, så her går det unna.

 Uthuset med bl.a utedo er no historie. Litt vemodig, men mest spennande. Etterkvart skal det bli hus til bilen her.
 Igrunnen noko vakkert over eit slikt gamalt lite hus, dette blei bygd i 1916 -  99 år gammalt, mykje historie i veggene her.

 Lov å ha det litt løye, ingenting å seie på effektiviteten heller.

Så fekk eg lov å kose meg på min måte. Har bygd nytt midlertideg skur til krukkemakaren. Dette er gjenbruk på høgt plan, til og med skruane har eg brukt før.


søndag 14. juni 2015

Veke 24

 Denne veka har me fletta lange smale fat. Her tek me heile kroppen i bruk, og startar med å sitte på pinnane.

 Etterkvart heng det saman, då kan ein halde det på ein annan måte og flette så langt pinnanen rekk.

søndag 7. juni 2015


Veke 23
 Begge korgene på plass,  den eine er fylt med blomster. Bambusblada er litt inntørka, men likevel ein fin kontrast til pila.

 Ellers har me jobba mykje med gras denne veka. Vind + sol = god høytørk.
 Maria har laga flott krans. Først underlag av halm, og så dekka den med gras.