fredag 27. oktober 2017

Tørketid

 Nå tørkar hortensiaen heilt av seg sjølv, og tida er inne for å lage noko fint å ha som sommarminner utover hausten og vinterern.
 Det er gjerne litt brune og visne blader som må plukkast vekk, og så er det berre dei blomstene som er avblomstra som tørkar. Blomstene i bakkant av bilde over, og blomsten på bilde under er knoppar som ikkje tørkar. Den lille prikken i midten skal være avblomstra og heilt borte - er forresten det som er blomsten. Det andre er høgblader, men det er dei som skifter farge og tørkar.

 Kransen er enklast å lage av friske blomster, den tørkar fint i oasis eller på halmring.

Her har eg brukt ein lyseblå hortensiablomst - den får så utruleg vakker grønnleg farge på hausten.  Hjerta har også eucalyptusblader, kvite roser og brudeslør - alt dette er blomster og blader som tørkar fint.

onsdag 18. oktober 2017


Magisk dag i Bruhalsen

 Utruleg flott stemning på turen vår idag.
 Skodda kom og gjekk frå morgonen av, men etterkvart var det sola som sigra.

 Lunsj og søppelplukking i Bruhalsen,  kan ikkje ha ein bedre arbeidsdag me.

Kanskje litt mykje bilder, men vanskeleg å la være når det er så fantastisk flott.



 Fotbad og soltørking gjer nye krefter til ein lang og tung tur heim.


 Dagens fangst. Gratismaterialer, men ingen kan sei at me ikkje jobbar for det.  Får me alt dette med oss heim tru ?
 Å ja da, me gjer oss ikkje   "Bedre håvelaus enn rådlaus"
Kanskje ein Mosterøybu som savnar blåsa si ? Må skunde seg om han vil ha den igjen, kan fort bli innmat i ein isbjørn her.
 Endeleg oppe på vegen,  tur og trening på høgt plan.


 Dagens engel kom på firhjuling -  lykke. Tapte nokre steg, men kjøreturen var likevel svært kjærkommen.



Fornøgd med innsatsen idag.

Alt er heima og klar for vaskebaljen.



Og inne i verkstaden dukkar det stadig opp nye flotte skapningar.