lørdag 23. januar 2016

Hjerteleg

 Det har vore ei hjerteleg veke på mange måtar. Sol, snø, skitur,  islykter, vinterstemning og hjerteproduksjon.
Hjerter til tørk på golvet i verkstaden.
 Det nye lagerrommet er tatt i bruk. Når naboen skjer ned eit stort flott lerketre, er det berre ein ting å gjere - avgårde med saks og trillebår.

onsdag 20. januar 2016


Trollhassel
 Ja det er dette som er trolhassel - Hamamelis mollis, ikkje vrihasselen som ofte blir kalla trollhassel.
 Slik ser greinene ut i hagen.

Etter fire dagar i stova lyser dei gult og flott, og bringer bud om vår.

søndag 17. januar 2016

Islykter

 Er så kjekt å lage islykter, denne er laga i ein hjerteforma ballong.

 Julerosene på trappa er bytta ut med islykter.  Inrømmer at eg ellers har kosa meg med å plassere slike på trappene til folk, og så lekt "ring og spring".
 Denne tok eg ut litt for tidleg, men det vart igrunnen ein fin skulptur.
Treng du hjelp eller inspirasjon til islykter finn du masse flott hos Anne på Moseplassen   http://www.moseplassen.no/2016/01/ballongislykt/
Søndagstur i vinterland
 Treng ikkje så mykje snø for å finna fram skia her på øynå.
 Slik var stjerna idag, kom på eg hadde eit gammalt bilde frå ein dag då nokre av englar mine landa her som snarast.



God søndagskveld.

søndag 10. januar 2016

Islykter

 Fredagskvelden såg islyktene mine slik ut, men det blei ein kortvarig glede.
Før eg fekk plassert dei der eg hadde tenkt var dei borte.

 Vestlandsvinteren er flyktig så her gjeld det å gripe dagen.
 Litt for lite snø, men fantastiske fargar og flott lys.

 Nå er blåtimen over,det er tid for å gå heim.


 "Jula" er ute av huset, men desse konglepottene likar eg så godt så dei skal få stå ei stund til.

onsdag 6. januar 2016


Vinter
 Endeleg har me fått kuldegrader og vinterstemning.




 Her var eg idag og henta skjell, eller tomme sneglehus er det faktisk. Kva eg skal bruke dei til ? Nei det vil eg ikkje fortelle enno. men eg har fått eit spennane og utfordrande oppdrag. Kjem bilder etterkvart, iallefall om eg får til det eg har tenkt.

" Takk for idag" mitt vakre landskap - eg kjem snart igjen.