fredag 29. mai 2015

Trepeon

 Denne vakre gule trepeonen har eg fått av ei veninne, ho har sådd den av eigne frø.

 Denne står ved inngangen til verkstaden min, og her går eg forbi mange gonger til dagen. Flott å sjå utviklinga dag for dag. I år er det 11 blomster.

Lykke.   Takk Ingeborg !  Med denne flott blomsten ønsker eg god helg.

torsdag 28. mai 2015

Kvardagsgleder
Flett veke 22
 Sjå kva som låg på golvet då "damene mine" hadde gått  for dagen :)  Dette gjer min kvardag god.

 Og så må eg berre få visa vekas fletteprosjekt sjølvom det ikkje er ferdig. I dag har me fletta store utekorger med pil og bambus. Er berre så utruleg kjekt å kunna gå i hagen å finne det materialet ein treng.



 Har tatt vekk eit bed her på framsida av verkstaden (ser veggen treng litt maling ja). No skal desse to store korgene få stå her saman med plogen og berre "vise seg fram". Må vente med å sette dei skikkeleg ned i bakken til begge er på plass, eg bli berre litt ivrig av og til. Håper det kan være til glede for alle som går forbi.
Kjem nye bilder når begge korgene er på plass.

torsdag 21. mai 2015


Flettverk veke 21  
Organisk benk
 Dette er den gamle "kompostbenken" nedbrytningsprosessen er godt igang, gras og blomster er i ferd med å "sette seg" her.

Vekk med alt det gamle.
  Nytt materiale klargjeres - dette er avklipp frå naboens hekk.
          Duk for å hindre vekst.
                         Nye stag av gamle gjerdestaur.
                                Klar til fletting.
                                  Viktig med godt utstyr.


 Ikkje heilt ferdig, men bra så langt. Skal flette meir, særleg i ryggen, og fylle setet med bjørkeris.
 Håpar alle tar tid til å nyte våren, om det er i pinnebenk eller ikkje, er mindre viktig.


lørdag 16. mai 2015

17 mai
" Norge i rødt, kvitt og blått" og litt "furet værbitt"  Takknemleg for å få lov å bu i dette trygge og gode landet eg. Gratulerer med dagen alle som kikkar innom her. Krukka til venstre skal loddast ut på feiringa her i morgon.

torsdag 14. mai 2015

Flett veke 20
 Har ikkje blitt fletta korger denne veka, men mykja anna kjekt. Maria held på med både ei høne og ein ulv. Og idag fekk me bestilling på ein alpakka :)

 Sandy flettar englar,  eg er i innspurten med boka,  snakkar engelsk etter beste evne og gjev råd og hjelp der det trengs. Dagane fyk og livet er godt.
                                                     

onsdag 13. mai 2015

Ny kunst


 Har ei kreativ og dyktig kinesisk dame som er her for tida. Ho har bl.a teikna desse flotte teikningane som er for salg i butikken.

mandag 11. mai 2015


Korg veke 19
                               Ei lita korg denne veka også

søndag 3. mai 2015

Veke 18

                                Slik vart korga denne veka.

 Fredag var eg med på messe på Austre Åmøy, pil og planter i fokus :)