tirsdag 29. september 2015

Pil og pinnar

 Innrømmer at det er stas å ha laga eiga bok, og me er ganske så stolte. Boka er nå for salg i nettbutikken vår.
http://www.pilogpinnar.no

søndag 27. september 2015

Uti med begge beina

 Badetøyet frå ifjor måtte fram igjen. Endå meir stivt og ubehageleg, men kva gjer ein ikkje for god reklame ?
"Ein god latter forlenger livet               "http://www.nrk.no/rogaland/fletter-badedrakt-i-pil-1.12550958http://www.nrk.no/rogaland/fletter-badedrakt-i-pil-1.12550958

mandag 14. september 2015

Glade damer
                            
Lanseringa er over, damene slapper av og latteren sit laust.

 Den blå sauen til Maria tok folkemengden med stor ro.
 I år er det så mykje hortensia at me kan tillate oss å frotse litt.
 Lykkelege og slitne damer. Stor takk til alle som kom, og var med oss på feiringa.


søndag 13. september 2015

Dagen før Dagen
               Forberedinga til boklanseringa er i full gang.

                              Rognebær og hortensia



                                      Pil og pinnar


  Fredagskvelden, det meste er klart. Hortennsiaen får stå på vatn til imorgon.

tirsdag 8. september 2015

Hagelykke

 Dei siste dagane har eg hatt fint besøk i hagen. Dagpåfugløye, denne er ikkje så vanleg som Admiralen. Så eg måtte lese litt om den, Store Norske seier den er sjeldan på Vestlandet, larven lever på brennenesler. Dei store augene på vingene liknar på dyreauger og er der for å skremme fuglane - fantastisk skaperverk. Tenk det, for at ikkje fuglane skal ete den opp har den bilder av skremmande dyreauger på vingene.
                       Denne et iallefall ikkje sommarfuglar.
 Lenge sidan eg har hatt erteblomster - sniglane har tatt dei. Men iår la eg ut mykje brendt kalk og klarte dermed å få dei til å vekse opp. No plukkar eg bukettar og nyt den fantastiske lukta fleire gonger i veka.


tirsdag 1. september 2015


Pil og pinnar


       For meg er dette heilt magisk - boka er ferdig.

        Ferdig - ja, men det er vel nå det begynner :)

       http://www.pilgard.no/2015/08/31/boka-er-klar/
Plantesalg

 Litt rester igjen frå Rennesøydagen, så om nokon treng litt fine haustplanter er det berre å komme innom/eller ta kontakt.