tirsdag 23. april 2019


                 Søppelfuglar


 Sidan det er så lenge sidan eg har posta noko her lagar eg like greit eit innlegg om fuglane til Maria også. Dei aller fleiste av desse er "flydd" til nye heimar, men jammen godt me har bildene å sjå tilbake på.
 

 Hegren står fast, og er ikkje flydyktig lenger, så den blir her.




 Kvaliteten på bilde er ikkje god, men fuglen er ein spennande afrikaner.


Skapande, flittige hender.

                  Narcisser
 Eg er ikkje så glad i sterkt gule blomster, så dei gamle påskeliljene i hagen er på flyttefot. Men iår gjorde eg likevel ei kjekk oppdaging, og det var at  dei fungerer kjempeflott som flyteblomster.
 Her kjem eit knippe av alle dei forskjellige kvite narcissene eg nå har i hagen - lykke.



















 Ja det er ei stor lykke for meg å kunne plukke så masse bukettar frå hagen.
Sidan det er lenge sidan eg har posta noko her på bloggen kom det likegodt to innlegg i kveld.  Ønsker alle gode vårdagar, håpar de har like mykje glede av alt som spirer og gror som meg.

mandag 22. april 2019

                                     Påskeegg


 Kosa meg med betong og støypt masse egg, desse er i tillegg spraya med kobbarfarge.


 Betongegg og ein vakker ny perleblomst



Treegga i hasseltre har ikkje fått ein einaste dråpe regn denne påska, 2 påskedag kraup gradestoken like opp til 22 grader. Fantastisk med slike flotte, varme og solfyllte dagar, men nå håpar eg det snart kjem regn.