fredag 27. februar 2015

Klartestativ veke 9

 Denne veka skulle me flette klatrestativ til vårmarked neste lørdag. I følge Marianne Mortenson ser eit klatrestativ omtrent slik ut.
 Det er då eg frå "problem"  Eg likar å bruke det eg finn i hagen, og lage min eigen vri på ting - får håpe andre også likar det.
Her er staga av hassel, og kula på toppen kaprifol.


 Denne har berre pil frå min hage, det er stas å hauste og bruke eigen pil.
 Skal nok få vekse blomster i denne til sommaren, men enn så lenge kan den være skulptur med gåsungar. God helg, våren er ikkje langt vekke - iallefall ikkje på Bru.

fredag 20. februar 2015

Veke 8
 Denne veka har me fletta krussedullefat og laga masse egg.

 Kunstlaget i kommunen skal ha markedsdag i mars, og me har sagt ja til å være med. Så nå er det storproduksjon på Hedleshaug.

lørdag 14. februar 2015

Vekas fletteprosjekt
 Denne veka har me jobba mest med røde roser og andre ting til butikken. Men litt fletting vart det også. Store fat i krussedulleflett med innslag av doggpil med gåsungar. Dei her blir flotte til påske med egg og granatepler.

God helg frå Bru, med sol, fuglakvitter og blømande grøftekanter.

torsdag 12. februar 2015

Alle hjerter gleder seg

 Någen fordeler skal me ha, me som ikkje har frost - det blomstrar både ute og inne.



onsdag 11. februar 2015

Valentin





 Røde roser og hjerter i mange forskjellige former og fasongar. Velkommen innom, torsdag og fredag åpent til 18, lørdag 10-12



fredag 6. februar 2015

Ei korg i veka, del 5
 Det vart ingen korger denne veka, og her er grunnen. Til helga skal det bli mildver, så då er det håp for neste veke. Men om me ikkje har laga korger  har me gjort mykje anna kjekt. Har bl.a laga masse hjerter og dekorasjonar med friske blomster til Morsdag,  og så hadde me ein fantastisk tur i skogen i flott vinterver på onsdag.

 Her fekk me rydda frå "julehogsten", plukka kongleskjell og kosa oss med "lunsj i det fri"


torsdag 5. februar 2015


Blomster 
 Snøklokker og mose ute, nellik og roser inne.

 Ei blomstrande og god helg frå damene på Hedleshaug.

onsdag 4. februar 2015


Morsdag 

 Hjerter til Morsdag.  Me har langåpent torsdag og fredag, og "kortåpent" lørdag. Det blir også friske blomster i butikken denne helga.

Velkommen innom.

mandag 2. februar 2015


Hjertelig velkommen

 Produksjonen av hjerter til Morsdag og Valentinsdag er godt igang.
Butikken er åpen til kl 18 torsdag og fredag, og 10-12 lørdag, denne og neste veke.