fredag 7. juni 2019


Blått til lyst  

 Fekk ei rot av desse ifjor, frodig og flott, mest litt kunstig i fargen. Men ja til mangfold, så i det blå bedet passa den inn.


Lobelia, eit must på trappa mi. 

Er så glad i akkeleie, dei frøsår seg på kryss og tvers, så her blir det etterkvar mange spennande fargekombinasjonar


 Iris er også ein favoritt, denne lyseblå er berre nydeleg.




 Planten under kjem frå Jostein på Talgje ein kryssning av St. Pauli og Streptocarpus.

 Rett før - utruleg flott farge synes eg.


                        Blomsterglede og helsebot.

søndag 2. juni 2019



                Papirfletting 

 For ei stund sidan hadde me triveleg besøk av Beate som lærte oss papirfletting av avispapir.  Me fletta runde korger saman med Beate.

 Sidan har me rulla og rulla - for det går enormt mykje "papirpinnar" til for å flette ei slik korg.

 Så har me fletta firkanta korger med papp i bunn. Dette har me lyst å gjere meir av, men me treng hjelp til rullinga. Difor inviterer me til åpen dag med papir-rulling førstkommande torsdag  frå 10-13 Alle som har lyst å lære dette, og vil hjelpe oss med rullinga er velkomne innom :)  Triveleg lag, kaffe/te og kyndig vegledning til alle som kjem  :)
 Til slutt kan korgene malast, dette er gjenbruk me likar.

tirsdag 23. april 2019


                 Søppelfuglar


 Sidan det er så lenge sidan eg har posta noko her lagar eg like greit eit innlegg om fuglane til Maria også. Dei aller fleiste av desse er "flydd" til nye heimar, men jammen godt me har bildene å sjå tilbake på.
 

 Hegren står fast, og er ikkje flydyktig lenger, så den blir her.




 Kvaliteten på bilde er ikkje god, men fuglen er ein spennande afrikaner.


Skapande, flittige hender.

                  Narcisser
 Eg er ikkje så glad i sterkt gule blomster, så dei gamle påskeliljene i hagen er på flyttefot. Men iår gjorde eg likevel ei kjekk oppdaging, og det var at  dei fungerer kjempeflott som flyteblomster.
 Her kjem eit knippe av alle dei forskjellige kvite narcissene eg nå har i hagen - lykke.



















 Ja det er ei stor lykke for meg å kunne plukke så masse bukettar frå hagen.
Sidan det er lenge sidan eg har posta noko her på bloggen kom det likegodt to innlegg i kveld.  Ønsker alle gode vårdagar, håpar de har like mykje glede av alt som spirer og gror som meg.