onsdag 30. desember 2015

Lampeskjerm og juleglede

 Denne formen laga eg i januar i 2014, den er med i boka i stykket om kvistterapi. Og nå, endeleg til jul, fekk den bli lampe over kjøkkenbordet.
 Eg likar særleg godt mønster i taket om kvelden.

 I år åpna amaryllisen seg med dobble blomster - dei har gleda meg heile advents- og juletida.
 Takk for det gamla til alle som kikkar innom her. Måtte lyse stråle også over 2016.

torsdag 10. desember 2015

Julebutikk på Hedleshaug
 Slik ser det ut i "torget" mitt nå, bilde under viser korleis det var i fjor.
 Sjølvom det er byggeperiode og byggeplass, er det litt forskjellig i butikken. Så dersom du treng ein gave, eller det er noko anna du har lyst på  er det berre å komme innom. Ta gjerne kontakt i førevegen. "Du veit aldri kva grøft eg ligg i" som Maria seier.







                      God adventstid.


mandag 7. desember 2015

Lerkehjerter

 Endeleg er lerka fri for nåler, og det blei ein fantastisk mandagsmorgon å hauste på. Særleg etter ei slik "rusjen" helg var det godt med ein stille, solfylt dag. Me satt faktisk ute og laga dei første hjertene.



 Dagens produksjon av "ferske lerkehjerter"

onsdag 2. desember 2015

Orkide og litt til
 Jobbar mykje med tørt gras eg, tykkjer det er så godt materiale. Her er det stjernedryss med orkidepynt.

 Alle bildene her er frå demonstrasjonen eg hadde ikveld - for ein orkideglad gjeng.
 Vanskeleg å få tatt gode bilder, men håper likevel dei kan gje litt inspirasjon. Alt utanom orkideplantene er gratis naturmaterialer. Det "kostar" berre ein tur i hagen og litt i ein grøftekant. Kom på noko lærlingen min sa då eg skreiv dette: Det var ein dag nokon som lurte på om det alltid var åpent her, og om det i tilfellet berre var å komme innom ? Eg svara at det kunne nok være lurt å gjere ein avtale i førevegen, for det hender rett som det er at eg er ute på eit eller anna. Og så kom det kjapt frå Maria: " ja ein veit aldri kva grøftekant ho ligg i"  Fantastisk, eg elske slike kommentarer :)  Ein kan både finne skattar og kvile i ein grøftekant.  God adventstid


fredag 27. november 2015


Takk for i år
 Trengte ikkje være i tvil om eg skulle levere hortensia denne veka. Frosten i helga gjorde ein brå slutt på ein fantastisk sesong. Trur ikkje eg har levert hortensia i midten av november før.
 Dette er det som vart hausta17 november.
 No heng det mange fine kransar med tørka hortensia for salg i butikken.

Spennande bestillingar

 I sommar laga me ein alpakka, og no var det ei som ville ha ein hest. Kjekke oppdrag.



Eg må jo berre leke meg litt  :) og seier som Pippi "Dette har eg aldri gjort før, så det går heilt sikkert bra"

søndag 22. november 2015


Einertre
 Idag har me hatt ein fantastisk dag i marka og laga einertre. Nydeleg vintervær, 1 minusgrad og blikk stille. Bildene er litt mørke fordi me jobba i skuggen. Men stemningen var høg og god.
 Flott å sjå korleis det berre voks opp med tre.  Store og små, lubbne og smale, skeive og sjarmerande. Lykken er å gjere det sjølv.


 Traktortransport for både for mennesker og tre, alltid kjekt.
Måtte berre sette meg ned og nyte bålet, naturen og freden når alle var gått. Takk for ein fantastisk dag på alle måtar.  2500 kr til flyktningearbeidet i kommunen og 17 flotte einertre. Mykje "lys og varme"
Garasjen 
 Her er ein liten serie med garasjen steg for seg. Kjekt med litt dokumentasjon å kunna sjå tilbake på.







  Dei nakne greinene viser at det har gått nokre veker sidan me starta. Her viser litt av grunnen i tilbygget til verkstaden også. Dette er berre så utruleg kjekt og spennande.