mandag 21. august 2017

Hagevenner

 Sommargjestene er dradd, kjekt med nokon som blir - ja som til og med blir fleire. I dag møtte eg desse to små pinnsvinbarna - hagelykke. Og me har hatt Esauen i hagen i 3 år, så dei som er redde for at robotklipparen tek pinnsvin kan eg beroliga med at det ikkje er tilfellet hos oss.

 Noko anna som verkeleg har "tatt av" i hagen denne sommaren er dette brune prydgraset Carex buchananii. Kanskje nokon som synes det ser litt vissent ut - eg synes det er kjempeflott og dekorativt. Om du ser godt etter, ser du at det blomstrar.