fredag 27. november 2015


Takk for i år
 Trengte ikkje være i tvil om eg skulle levere hortensia denne veka. Frosten i helga gjorde ein brå slutt på ein fantastisk sesong. Trur ikkje eg har levert hortensia i midten av november før.
 Dette er det som vart hausta17 november.
 No heng det mange fine kransar med tørka hortensia for salg i butikken.

Spennande bestillingar

 I sommar laga me ein alpakka, og no var det ei som ville ha ein hest. Kjekke oppdrag.



Eg må jo berre leke meg litt  :) og seier som Pippi "Dette har eg aldri gjort før, så det går heilt sikkert bra"

søndag 22. november 2015


Einertre
 Idag har me hatt ein fantastisk dag i marka og laga einertre. Nydeleg vintervær, 1 minusgrad og blikk stille. Bildene er litt mørke fordi me jobba i skuggen. Men stemningen var høg og god.
 Flott å sjå korleis det berre voks opp med tre.  Store og små, lubbne og smale, skeive og sjarmerande. Lykken er å gjere det sjølv.


 Traktortransport for både for mennesker og tre, alltid kjekt.
Måtte berre sette meg ned og nyte bålet, naturen og freden når alle var gått. Takk for ein fantastisk dag på alle måtar.  2500 kr til flyktningearbeidet i kommunen og 17 flotte einertre. Mykje "lys og varme"
Garasjen 
 Her er ein liten serie med garasjen steg for seg. Kjekt med litt dokumentasjon å kunna sjå tilbake på.







  Dei nakne greinene viser at det har gått nokre veker sidan me starta. Her viser litt av grunnen i tilbygget til verkstaden også. Dette er berre så utruleg kjekt og spennande.

                                               

mandag 16. november 2015

Bokturne

 Tidleg morgon på veg til Etne, måtte berre stoppe i ein grøftekant å ta eit par bilder.

 Om nokon for 3 år sidan hadde sagt at eg kom til å reise rundt som forfattar og halde foredrag på bokfestivalar, trur eg at eg hadde ledd av dei. Men her er eg altså på Sydvest bokfestival i Etne.  Godt å ha nokre englar å gøyme seg bak.

lørdag 14. november 2015


Haustkrokus

 Tidløs, Colchicum ’Waterlily’ Gleda var stor då eg oppdaga denne i hagen. Farmor hadde den i hagen sin, og eg har spadd opp løkar og flytta hit fleire gonger utan å lykkast, men så plutseleg ein dag stod den her og smilte til meg.  Hagelykke


torsdag 12. november 2015

Det skjer någe

 Sånn er utsikten frå vinduet i verkstaden nå. Å kor eg glede meg :)
 Nå blir det iallefall solid og brei veg opp til huset.

mandag 9. november 2015


Tur i marka
Dagens tur i marka for å hente materiale til kurs ga mange ekstra opplevelser.

Er ganske magisk å stå under ein slik flokk med svarttrost. Imponerande presisjonsflyging, rart at dei ikkje fyk på kvarandre.
Tilogmed regnbuen med sitt løfte viste seg.
 Slik vart to av kveldens kransar med pil og sibirkornell.