fredag 30. januar 2015

Ei korg i veka, del 4

 Her er korga til Maria ferdig, flott korg i pølseflett.

Snittblomster
 Eg kunne gjerne vore med på utfordringa om eit år utan kjøp av kler eller sko, men eg hadde aldri klart eit år utan å handle blomster. Trur eg alltid treng blomster i stova.

 Jula er definitivt over, og amaryllisen takkar for seg. Velkommen igjen til neste år.

mandag 26. januar 2015

Stort bjørkehjerte

 Eit bjørketre har gått i bakken, og nå skal det få "nytt liv" som bjørkehjerte.
 Har hatt ein fantastisk dag ute i flott vintervær og laga dette bjørkehjerte. Eg kallar det "Karihjerte" fordi eg så eit liknande på bloggen til Atelier Kari  http://atelierkari.blogspot.no/
Dette skal få pynte siloveggen på Låven til ære for dei to som skal feire bryllaupsfesten sin der.

fredag 23. januar 2015

Ei korg i veka, del 3

 I dag har eg laga "någe" og er kjempefornøygd med det. Tvile vel kanskje på om Siril  http://www.pilgard.no  vil kalla dette ei korg, men eit flettearbeid er det no. Ser at "ei korg i veka" fort kan endra seg til eit flettarbeid i veka. Maria er sjuk så ho fekk ikkje gjort ferdig korga si denne veka heller, men lykken er at den ligg trygt og godt i fryseboksen, og ventar på bedre dagar.
Kva dette "någe" er og skal brukast til lurer min gamle far på 80 år svært på ? Tja, det veit eg ikkje,  er lykkeleg uvitande om det faktisk - og det kjennes både godt og spennande. Time will show.         God helg

søndag 18. januar 2015

Ei korg i veka, del 2
 Denne veka klarte me ikkje målet vårt. Det vart berre ein dag iverkstaden før feber og "vondter" inntok kroppen så enormt - trur mest ikkje eg har vore så sjuk før. Men gje oss ei veke til så skal det nok ordne seg.

Om feber og andre rare greier riv og slit i kroppen er det alltid noko å glede seg over, ein av mine ting er fuglane i hagen, bl.a denne kjekke karen som eg har hatt besøk av dei siste dagane,
 Nøtteskrikar. Fleire gonger har eg fått oppleve at den sprett rundt foringsstasjonen, ein gong var det til og med fire stykker. Første gong eg såg den viste eg ikkje kva fugl det var, men i boka under (som også bilde er henta frå - ei fantastisk bok) står det: "En staselig og sjeldent vaktsom fugl med kraftig røst. En relativt stor (34 cm lang), brokete kråkefugl med vakre tegninger. Rødgrå drakt med partiet av blå ruter og den hvite flekken på vingen. En svart mustasjestrek fra munnviken kanter den hvite strupen. Utseendemessig finnes det ingen forskjell mellom hann og hun.
Nøtteskrika hekker over hele landet nord til Trøndelag, men har en ganske sparsom forekomst på  sentrale deler av Vestlandet." Kanskje ikkje Stavangerområdet er sentralt på Vestlandet ?
Det var nettopp det at den var så stor som gjorde at eg så godt la merke til den, ellers er det meise- og spurvefuglar det kryr av her.
Den store fugelen på bakken, som flyg opp og så ut av bilde på venstre sida er altså ein Nøteskrikar.

 Eg blir litt mobba her i huset  " Du er så sjuk at du held på å stryke med, men henge ut gjennom vindu og filme fuglar, det klarer du"  Ja, ja, eg måtte berre, og stryk heilt sikkert ikkje med av det. Er det noko som gjev meg glede i kvardagen så er det vel fuglane.

Ser at de ikkje får same opplevinga av fuglane gjennom filmen, som eg har gjennom vinduet, men, men det er iallehøve ein Nøtteskrikar og masse livlege småfuglar.
Så meldes det om ei veke med sol og stille vær, o lykke. Har som sagt vore fanga inne - "fugl i bur" sidan tirsdag, så imorgon håper eg at eg er klar for ein litt meir aktiv dag. Skal bl.a vaske vinduene som har vore "heilt forferdelege" sida Nina herja her forrige lørdag.
God veke


fredag 9. januar 2015

Ei korg i veka
 Har blitt med på utfordringa til mi gode fletteveninne Siril  http://www.pilgard.no om å flette ei korg kvar veke heile dette året. Veke 1 var så kort at den vart det ingenting av, men her er den første korga i 2015 frå Hedleshaug.
Ganske tungt dette, kjenner det i hendene.
 Pølseflett med pil og lerk,  på stamme. Trur kanskje eg skal kutte litt av stammen, var ikkje meininga at korga skulle bli så vid. Var stram, slank og høg den eg såg for meg - ja, ja sånn kan det gå, og det var tungt å jobbe med.

tirsdag 6. januar 2015

"Må alltid bli verre før det blir bedre"

 Er både godt, og litt vemodig å rydde bort jula. Igrunnen så ryddar me den ikkje vekk heller, for i mangel av lagerplass heng litt av det som var igjen i butikken nå på veggene i verkstaden.





 Deileg når spindelvev, rusk og rask er borte frå tak og vegger, og endeleg ser me bordplata også.
Englane av lerk skal få stå her og glede oss ei stund til. Og så snart rommet er ferdig rydda skal me hausta meir lerkegreiner for å bruke framover.

torsdag 1. januar 2015

Nytt år
 Nå er det her, la oss bruke det godt.



Mitt ønske for dette året er at eg kan få være med å gje håp til nokon som treng det.
Godt nytt år.

Orda står ennå, dei vart "skrevne i stein" i 2008 då Stavanger var Kulturby, og Bru fekk sitt eige Kulturbyprosjekt.

Horizons and fragments

www.horizonsandfragments.no