fredag 9. januar 2015

Ei korg i veka
 Har blitt med på utfordringa til mi gode fletteveninne Siril  http://www.pilgard.no om å flette ei korg kvar veke heile dette året. Veke 1 var så kort at den vart det ingenting av, men her er den første korga i 2015 frå Hedleshaug.
Ganske tungt dette, kjenner det i hendene.
 Pølseflett med pil og lerk,  på stamme. Trur kanskje eg skal kutte litt av stammen, var ikkje meininga at korga skulle bli så vid. Var stram, slank og høg den eg såg for meg - ja, ja sånn kan det gå, og det var tungt å jobbe med.

2 kommentarer:

  1. Knallbra Jofrid! Så gildt at du hoppa i det! Blir spennande å sjå alle dei kreative korgene du kjem til å laga! Eg gler meg!

    SvarSlett
  2. Takk i likemåte Siril. Tenkte eg skulle legge direktelink til sida di, men innser at eg må ha hjelp av ungdommane enno eingong.

    SvarSlett