lørdag 29. november 2014

Roser 

 Du forlenge rosegleden dersom du kuttar dei heilt ned og set dei tett inntil kvarandre. Dette gjer eg når eg ser at det går mot slutten på "vaselivet"  Støtta kvarandre, det er med blomster som med oss - godt å ha nokon å lene seg til.  God helg, med håp om at alle har nokon å lene seg til, eller kanskje nokon som treng di støtte denne helga.

onsdag 26. november 2014

Kyrkjepynt
Me fekk pynte til bispevisitas i Kampen kyrkja. Tema for kvelden var speiderarbeid. Maria tok bilder og laga denne flotte collagen etterpå.

lørdag 22. november 2014

Åpningstider i desember

 Om me får snø og kvit jul, er heller tvilsamt. Men jul blir det, og julebutikk på Hedleshaug. I desember er butikken åpen på kveldstid torsdag og fredag til klokka 18 og lørdag 11-13.
Mandag er fridag, men dei andre dagane er me her frå klokka 9 - 15,  velkommen innom.




tirsdag 18. november 2014


Ein heilt vanleg dag på arbeid

 Kanskje ikkje ein heilt vanleg dag, men det har blitt ein del dagar i marka etterkvart - og eg nyt det kvar gong. 18 november, blikkstille og 8 grader. Bilde over er lunchplassen vår idag.
 Og her er litt av produksjonen. Bonden vil gjerne bli kvitt eineren, så dette er til glede for mange.
Klikk på bildene, så kjem du nærare.
 Skjønne Maria, perfekt antrekk for ein dag i marka.
Eg likar denne gamle, kjære traktoren.
 Vel heime, fekk med oss meir enn einer idag også ;)
 Og så inn i bilen ? Ja da, ikkje noko problem med litt nåler i rompa - pytt, pytt, det går så bra :)

 Og så måtte eg berre ta med eit par bilder av himmelen, sola og lyset då eg var ute og henta siste lasset. Takk for at de ville dela denne dagen med meg kjære "einerdamer".

.
                             Det er dette det handlar om.

onsdag 12. november 2014


Dansande englar


Idag har eg lyst å dele eit lite sitat frå ein stor og klok mann, var så heldig å få høyre han i Stavanger Domkyrkje for ikkje lenge sidan.

"Det gode liv får du av måten du danser med andre flokker på. Familieflokken, arbeidsflokken, venneflokken, du får ikke et godt liv i individuelt isolat, du får det i flokker med kvaliteter som skaper og deler verdighet, tilhørighet og trygghet."  Per Fugelli

Me er ein liten, men god flokk på Hedleshaug.  Me dansar med englane og gleder oss til å lage julebutikk neste veke.

   "Livet, skal vi danse"

torsdag 6. november 2014

Ekstrahjelp

 I dag har eg hatt ekstrahjelp i verkstaden. Ho er berre eit år, men kjempeflink til å plukke hortensia. Og barnevogna fungerer fint for blomstertransport. Det går så absolutt mot slutten av hortensiasesongen no, men sidan det ikkje har vore frost enno så er det likevel muleg å finne litt.

 På vegen igjen, nå med helgabukettar til å sette i Hortensiasvingen.
Det vart nok til ein stor fin krans idag også. Har sagt det før, men Hortensia er ein fantastisk plante.

mandag 3. november 2014

Nytt skilt


Har laga oss nytt skilt. Kanskje feil å kalle det nytt ? Gjenbruk er det, men nytt for oss, og akkurat passe røft. Denne fjøla har hatt eit tidlegare liv som båt, nå står den altså i grøftekanten her og ønsker velkommen til Hedleshaug.