torsdag 30. oktober 2014

Allehelgensdag

 Det er fantastisk å gå på tur med trillebår, hente mose på ein stein, klippe litt greiner frå eit tre og kjenne på den freden som berre ei vandring i naturen kan gje.

 Heime i verkstaden laga me gravpynt, fin skikk å pynte gravene til allehelgensdag.

onsdag 29. oktober 2014

Pølseflett - frå fortvilelse til begeistring
 Har aldri prøvd pølseflett før, men det var kjekt. Hadde fortvila mykje pilrester i frysa så me satte igang. Det gjekk mykje pil, men det var igrunne poenget også, og me vart så begeistra over resultatet at no samlar me på rester med stor iver.


lørdag 25. oktober 2014


Kjøkkenflett

 Eg har så mykje lavendel i hagen som eg har hatt lyst til å prøve og flette med, og sidan eg skulle baka brød her ein kveld, vart det til at eg tok alt med meg inn på kjøkkenet. Skulle ønska du kunne lukta på dette bilde :)  fantastisk, lavendel og nybakt brød.

lørdag 18. oktober 2014

Lyspunkt

 "Klag ikke under stjernene av mangel på lyspunkter i ditt liv"  Dette sitatet av Henrik Wergeland blei ei god påminning for meg då eg avslutta ein travel fredag i badekaret på terrassen. Eg låg der og såg på ein fantastisk stjernenehimmel, og sidan det er ganske så mørkt her på landet, blir stjernene desto tydelegare. Om eg kunne telle dei ? Svaret er nei. Prøvde å fange dei med kamera, det gjekk heller ikkje. Men lyset på sida av badekaret fanga kamera - eit, av uendeleg mange lyspunkt i livet mitt.  God helg


Helgabukett

 Sidan eg no er så heldig og har fått lærling, og ho treng å øve på bukettar kjem me til å lage litt helgabukettar og sette i Hortensiasvingen.  Lovar ikkje at det blir kvar helg, men plutseleg så står dei der.

mandag 13. oktober 2014

Lys i mørke

 Kveldane begynner å bli mørke, men kva gjer vel det, ein kan jo berre fletta seg ei lykt eller to.


fredag 10. oktober 2014

Produksjon

 Kjekt med lærling, det hjelper meg til å være meir strukturert og tilstades - og mykje kjekkare å produsere saman med nokon. Her er ein fin samling av det me har laga denne veka.  God helg til alle som kikkar innom her.

torsdag 9. oktober 2014


Badekar med løveføtter
 Heldige meg som har fått badekar på terrassen.
Kvardagslykke

torsdag 2. oktober 2014

Flettedag på terrassen
Det er 2 oktober idag, likevel satt me på terrassen og fletta pilkuler. Fantastisk med temperatur på gode over 20 grader, men litt skummelt også.
         Kan det bli ei rund og fin kule av dette tru ?



 Her er resultatet av dagens arbeid, me er igrunnen svært godt fornøyde.