lørdag 23. mars 2013

Islykter

   Sidan frosten ikkje slepp taket, kan me jo bruke den til noko kjekt.
                          Klosterklokker i is er vakkert.



tirsdag 12. mars 2013

Det spirer og gror

Har tatt vårklippen på lerkehekken, og då må jo greinene brukast til noko spennande - elskar å lage store ting. Laga eit slik lerkepar på bestilling for nokre år sidan (dei som ligg på framsida av bloggen) og har lenge hatt lyst på ei slik dame i hagen, her ser det jammen ut som ho kjem vandrande.
 Sjølvom frosten ikkje heilt vil sleppe taket, blir dagane likevel lysare og lengre, og nye ting veks fram.
   
             Krukkene er komt i sitt rette element, og far er klar for nye utfordringar.

fredag 8. mars 2013


Helgepynten
Kransen lages av greiner frå hage eller utmark, plasseres på fat med vatn og blomstene settes i. Her har nokre av orkideene fått vannbehaldar, dei andre flyt i vatn. Lilla er alltid ein flott farge og slett ikkje feil no i fastetida. God helg.



fredag 1. mars 2013

Skiferkrukker

 Det har vore liten aktivitet på bloggen i vinter, der er ikkje fordi det har vore liten aktivitet på Hedleshaug. Her skje mange spennande ting for tida. Ein ting er desse krukkene som eg har drøymt om  lenge. No er far igang, det er eit tolmodighetsarbeide - men han kosar seg. Han var stolt då denne var ferdig, og etter litt justeringar på malen er han godt igang med neste.
Materialet er takskifer, krukka er 60 cm. høg og veg 115 kg.