fredag 28. august 2015

Roselykke

 Litt trist når vinden knekker rosegreinene i hagen, men for ein lykke med slik ein bukett i stova. Hadde aldri tatt så mykje på ein gong sjølv, så godt å få hjelp frå uventa hold av og til. Det duftar i huset.
Westerland, ei fantastisk rose som blomstrar heile sommaren, særleg om ein er flink til å klippe av dei avblomstra rosene.

onsdag 26. august 2015

Blått i blått

 Det begynner å nærme seg hortensiatid. Litt vemodig fordi sommaren går mot slutten når hortensiahausten starter, men her er iallefall mykje å glede seg til.


 Og så litt blått frå hagen, 13 blomsterkuler på agaphantusen i år.

søndag 23. august 2015

Pil

 Etter ein lang og god ferie var det godt å være igang. Denne veka har me hatt mest fokus på å fletta korger. Og tenk, det har igrunnen vore for varmt å sitte ute - pila tørkar opp for oss.
 "Sjefen" et lunch med beina på bordet. Godt å være sjef i eingen befrift.
Det blei meir enn ei korg denne veka, men så har me jo litt å ta igjen etter lang ferie.