torsdag 28. mai 2015

Kvardagsgleder
Flett veke 22
 Sjå kva som låg på golvet då "damene mine" hadde gått  for dagen :)  Dette gjer min kvardag god.

 Og så må eg berre få visa vekas fletteprosjekt sjølvom det ikkje er ferdig. I dag har me fletta store utekorger med pil og bambus. Er berre så utruleg kjekt å kunna gå i hagen å finne det materialet ein treng.



 Har tatt vekk eit bed her på framsida av verkstaden (ser veggen treng litt maling ja). No skal desse to store korgene få stå her saman med plogen og berre "vise seg fram". Må vente med å sette dei skikkeleg ned i bakken til begge er på plass, eg bli berre litt ivrig av og til. Håper det kan være til glede for alle som går forbi.
Kjem nye bilder når begge korgene er på plass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar