onsdag 27. september 2017

Velkommen til Hedleshaug

Det har skjedd mykje på Hedleshaug denne våren. Byggeperioden er ikkje heilt ferdig, mange meiner forresten at det kjem den heller aldri til å bli. Ei dama med så mange ideear og draumar kan vanskeleg stoppast.
Har nokon lyst å komme innom er det berre å ta kontakt - åpningstidene her er når eg er heime :) Denne hausten planlegg me også å være på folkeverkstaden på Vikevåg ein dag i veka - eit spennande prosjekt som eg kjem tilbake til.


Me er stadig på tur med trillebåra. Og når me har lasta opp altfor mange steinar saman med plastsøppel og andre skattar - kjem det jammen ein engel på traktor og kjører lasset heim.


Så utruleg mykje flott å møte på, på ein tur til Bruhalsen ein heilt vanleg onsdag.

Etter ein runde i vaskebaljen tryller Maria fram fantastisk flotte fuglar av plastsøppel - 100 % ikkje nedbrytbare, men gjennbruk på høgt plan. Det blir salgsutstilling våren 2018.

Eg får det betre til med pil,  undrast på om det er kylling i egget ?
Og så har me endeleg starta med krukkeproduksjon i nytt lokale. Her er starten på mi første skiferkrukke - dette er spennande.
Som sagt, er det noko som fristar, treng du inspirasjon, ein plante til hagen, eit hjerta til veggen, ein kaffeskvett og ein drøs eller har du lyst å gå på kurs - ta kontakt:  tlf. 975 38 321, jofridbru@gmail.com eller Hedleshaug på facebook

4 kommentarer:

  1. Så mye herlig å se og lese. Må snart te en tur ut til deg :):):). Hilsen Inger

    SvarSlett
  2. Ja Inger :) det hadde vore kjekt - alltid velkommen.

    SvarSlett
  3. Tror jeg snart må på en Stavanger/Bru tur! Nyt kreativiteten vider og plutselig slår jeg på tråen. Klem fra gartneren i Sandefjord Gunnhild

    SvarSlett
  4. Å ja Gunnhild, kan du ikkje gjere det ? Hadde vore kjempekjekt :) meir enn 30 år sidan sist - så det er igrunnen på tide - du er hjerteleg velkommen :)

    SvarSlett