Viser innlegg med etiketten frisk luft. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten frisk luft. Vis alle innlegg

torsdag 19. mai 2016

Helse i kvar pinne

 I dag har me vore i bjørkeskogen og laga bjørkehjerter. Akkompagnert av sauebrek og fantastisk fuglekvitter. Lukt, lyd og lys i skogen er balsam for kropp og sjel.
 Og lykken er når speidarane feller bjørketrea og legg riset klart til oss.


 Dagens produksjon.

lørdag 23. januar 2016

Hjerteleg

 Det har vore ei hjerteleg veke på mange måtar. Sol, snø, skitur,  islykter, vinterstemning og hjerteproduksjon.
Hjerter til tørk på golvet i verkstaden.
 Det nye lagerrommet er tatt i bruk. Når naboen skjer ned eit stort flott lerketre, er det berre ein ting å gjere - avgårde med saks og trillebår.

onsdag 6. januar 2016


Vinter
 Endeleg har me fått kuldegrader og vinterstemning.




 Her var eg idag og henta skjell, eller tomme sneglehus er det faktisk. Kva eg skal bruke dei til ? Nei det vil eg ikkje fortelle enno. men eg har fått eit spennane og utfordrande oppdrag. Kjem bilder etterkvart, iallefall om eg får til det eg har tenkt.

" Takk for idag" mitt vakre landskap - eg kjem snart igjen.

søndag 22. november 2015


Einertre
 Idag har me hatt ein fantastisk dag i marka og laga einertre. Nydeleg vintervær, 1 minusgrad og blikk stille. Bildene er litt mørke fordi me jobba i skuggen. Men stemningen var høg og god.
 Flott å sjå korleis det berre voks opp med tre.  Store og små, lubbne og smale, skeive og sjarmerande. Lykken er å gjere det sjølv.


 Traktortransport for både for mennesker og tre, alltid kjekt.
Måtte berre sette meg ned og nyte bålet, naturen og freden når alle var gått. Takk for ein fantastisk dag på alle måtar.  2500 kr til flyktningearbeidet i kommunen og 17 flotte einertre. Mykje "lys og varme"

tirsdag 18. november 2014


Ein heilt vanleg dag på arbeid

 Kanskje ikkje ein heilt vanleg dag, men det har blitt ein del dagar i marka etterkvart - og eg nyt det kvar gong. 18 november, blikkstille og 8 grader. Bilde over er lunchplassen vår idag.
 Og her er litt av produksjonen. Bonden vil gjerne bli kvitt eineren, så dette er til glede for mange.
Klikk på bildene, så kjem du nærare.
 Skjønne Maria, perfekt antrekk for ein dag i marka.
Eg likar denne gamle, kjære traktoren.
 Vel heime, fekk med oss meir enn einer idag også ;)
 Og så inn i bilen ? Ja da, ikkje noko problem med litt nåler i rompa - pytt, pytt, det går så bra :)

 Og så måtte eg berre ta med eit par bilder av himmelen, sola og lyset då eg var ute og henta siste lasset. Takk for at de ville dela denne dagen med meg kjære "einerdamer".

.
                             Det er dette det handlar om.