tirsdag 31. juli 2018


                    Vel blåst


Fantastisk med god hjelpar,  litt av eit lass som for til byen forrrige onsdag.


 Men det blei bra når alt kom på plass - det synes iallefall Maria og eg.


 Stor takk til Frode Isachsen som hjalp oss med den fine brosjyren.



Det var så utruleg varmt i Stavanger desse dagane - 34 grader.  Godt med ein liten pause på spikermatta  "på bakrommet"

 Så var det slutt,  heldigvis blei nokre av fuglane med heim.  Det var lange og varme dagar, men det var kjekt :)  Og me fekk satt fokus på eit stort problem på ein positiv måte.



Hegren og svana ønsker alle ein fortsatt god sommar - og oppfordrar samstundes til søppelplukking, om alle tek litt hjelper det så utruleg mykje.





søndag 15. juli 2018


                     Trashybirds på bytur

 Siste innspurt før Tall Ships Races  - dette blir spennande.



Har også som mål å lage ei stor skiferkrukke.  No er den 49 cm. høg og består av 37 omgangar. Klarer omtrent halvannan omgang i timen -  målet er 90 cm. så det gjennstår absolutt nokre timar, men har likevel håp om å klare det.  Velkommen innom på Krydderkaien om du er Stavanger under Tall Ships Races.