mandag 13. juli 2020


 Klokkeranke  Cobaea scandens

                          Slik såg spirene ut i mars


 Og sånn er det nå - rett før knoppane åpne seg.
 Mykje og villeg vekst her - gleder meg til blomstring :) Flott både som klatrar, og hengeplante.
 Sådde frø i fjor også, men då blei det ikkje noko av dei. Venter i spenning på blomstring og frøsanking etterkvart.

fredag 3. juli 2020

                         Sommarbryllaup


 Kløvereng i hagen er lykke



   Meir kortreiste varer, elske når eg klare å finne alt eg treng i hagen og grøftekanten.

 Blomstene skal få sove på hagebordet i natt, svalt og godt nå.

Då er alt klart til levering i morgon.










                             Siril, meg og boka.
 Sidan det står stykke om meg i Allers idag, og der blir det nevnt at eg har vore med å skrive bok - er det kanskje ein mulegheit til å gjere eit lite salgsframstøt. For det var både kjekkare og enklare å lage boka, enn å selge den. Bilde over er frå boka og tatt av fotograf Ingeborg Skrudland
 Ser du godt etter er det til og med kjendisar som har uttalt seg - og er begeistra :)

Her frå stykket i Allers. Var Siril som hadde drøm om å skrive bok - og tenk, så fekk eg være med med, stas !



haugenbok.no

søndag 21. juni 2020

                                 Regn regn regn

 Kanskje ikkje så ofte ein Vestlending ber om regn, men nå var det fantastisk med ei skikkeleg rotbløyta.  Måtte ut å ta nokre forfriskande bilder eg.




Kanskje ikkje så tørste desse to, men trur dei var glade for ein liten nedkjøling dei og.


Den første blomsten på erteblomstene mine var lilla i år også

torsdag 14. mai 2020

                                      Nok for idag
 Så longt idag, tok mykje tid å få felle inn desse rundstokkane. Stokkane har eg fått av ei veninne, avkapp som skulle hivast. Tanken er at dei, i tillegg til å være ein grei avsluttning, skal ta litt av "skogen"  inn på terrassen. Så fylles benken med bjørkeris og lerkegreiner og blir ein flott og behageleg organisk benk å kvile i.


 Midlertideg stol på plass -  utsikten er upåklageleg.

søndag 10. mai 2020

                           Ny hage
 Lenge lenge sidan eg har posta noko her, men sidan "Hagen for alle" har skreve stykke om meg nå - og sagt at eg "bloggar om kreative prosjekter i hagen" så må eg gjere det då.  Denne underlege koronavåren der eg ikkje har kunna hatt folk i verkstaden, har gitt meg mykje ekstra tid til hagearbeid og nye prosjekter. Me har eit ganske stort område i hagen me aldri har "komt over" eller tatt i bruk. Her har eg lenge drøymt om å gjere noko kjekt, og plutseleg berre skjedde det - når været i tillegg har vore så velsigna godt, har dette vore ein god ting å styre med.


 Måtte  grave meg litt ned for å legge plattingen i flukt med bakken, så har kjørt bort uendeleg mange lass med jord - beste treninga eg kan få. Og når eg ikkje har tid å vente på hjelp for å flytte ein litt for tung stein, er det berre å finne fram spett og rundstokkar.

 Det som eg også likar særleg godt med dette prosjektet er at det er eit gjenbruksprosjekt. Når naboen fjernar plattingen i hagen sin, takkar eg ja til alt - dermed er det berre skruar og duken under som er ny.
 Gamal murebalje, funne på strandtur, blir vannspeil - og stein er både vakkert og kjekt. Litt "pottel" å få det fint rund slike former, men sjølvgjort er velgjort.
 Målet har vore å få denne ferdig til 17 mai - om det går, gjenstår å sjå. Uansett, gleden i prosjeket har vore min og den har vore stor heile tida - eg lovar å komme med oppdateringar på framdrifta.