tirsdag 25. februar 2014

Skiferkrukker
 Eg har bytta ut kornellgreinene (du kan sjå dei lenger nede på bloggen - etikette Hedleshaug, Julastemning)  med flatpil og gåsungar. Idag meldes det 10 grader her, så nå kjem våren i rekordfart.

 Krukkeproduksjonen går også framover, men det tar tid å bygge opp ein slik produksjon - og dette er tolmodighetsarbeid seier far. Fine blir dei iallefall synes eg.

fredag 21. februar 2014

God helg

 Det spirer meir og meir i hagen, og sjølvom det snøa litt i går blomstrar både Snøklokker, Klosterklokker, Korkus, Juleroser og Erantis.


 Helgebuketten er denne helga, ein stor bukett med snøklokker som sprer god lukt i heile stova.

onsdag 19. februar 2014

Dagens hjerte
 Hjerta er laga av tørt gras og dekorert med flatpil og cymbidiumklokker.


mandag 17. februar 2014

Hjerter
 Eg har jobba mykje med hjerteformen i vinter, spennande å prøve andre materialer og teknikkar enn dei eg vanlegvis brukar.



 Du skal alltid kunna finne eit hjerte på Hedleshaug, er min tanke.



tirsdag 11. februar 2014

Lunch i det fri
 Er så fornøyd med rasteplassen min. Det er vel ingen plass maten, og ikkje minst kaffen, smakar så  godt som ute.
Nokon som vil være med på tur ?

fredag 7. februar 2014

Vårtegn i hagen


 Snøklokker i hagen, eg graver opp ei tue, tek den inn og så graver eg den ned ein annan stad - ikkje rart dei poppar opp overalt.
 Trollhasselen Hamamelis virginiana blomstrar i hagen nå. Mange forvekslar trollhassel og vrihassel, den som ofte blir kalla trollhassel, er vrihassel. Trollhasselen blomstrar på bar i kvist i januar/ februar i gult, oransje eller rødt. Kjekt å ha når det er lite anna som blomstrar.

 Ellers slår eg eit slag for Skimmia japonica som også blomstrar nå, men denne står med blomster meist heile året, og har flotte vintergrøne blad med litt striper på bladkantane. Mange forskjellige sorter her også.

tirsdag 4. februar 2014

Rust

                     
 Litt rart at nokre ting blir berre finare og finare med tida. Desse gamle malingspanna var ikkje nokon stas då dei var nye, men etter nokre år på ein hemmeleg plass får dei nå nytt liv i hagen min. Melkespannet var kanskje finare før, men det har jo litt sjarm nå og då.

                                      Alt har si tid.