Visdomsord
onsdag 19. mars 2014
lørdag 15. mars 2014
Klestørk
Sol, vind og 10 grader, eg blir glad av å sjå klesvasken som leikar seg rundt snora. Slik var det her 25 februar.
onsdag 12. mars 2014
VÅR
Sjå kva eg fant under ein busk då eg rydda litt utanfor verkstaden min. Stakkars små, der hadde dei overvintra i plastpottene, mest utan jord - jammen godt det ikkje har vore så kaldt i vinter.Ornithogalum balansae er navnet.
mandag 10. mars 2014
Nyhausta pil
Litt av pila eg hausta på lørdag, det er stor lykke å kunna hausta eiga pil :) Heldige dei som kjem på kurs denne veka - dei skal få bruke av denne friske og fargeglade pila.fredag 7. mars 2014
God helg
Denne helga er det grøne cymbidium og gåsungar som pynter opp i heimen vår. God helg til alle som kikker innom her.onsdag 5. mars 2014
Fuglemater av julatre
Å lage fuglemater av julatre er ein fin måte å gje treet "eit nytt liv" på. I 2012 var det jammen snø også, noko det har vore heller lite av denne vinteren.Slik vart resultatet i år.
tirsdag 25. februar 2014
Skiferkrukker
Eg har bytta ut kornellgreinene (du kan sjå dei lenger nede på bloggen - etikette Hedleshaug, Julastemning) med flatpil og gåsungar. Idag meldes det 10 grader her, så nå kjem våren i rekordfart.Krukkeproduksjonen går også framover, men det tar tid å bygge opp ein slik produksjon - og dette er tolmodighetsarbeid seier far. Fine blir dei iallefall synes eg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)








