torsdag 6. november 2014

Ekstrahjelp

 I dag har eg hatt ekstrahjelp i verkstaden. Ho er berre eit år, men kjempeflink til å plukke hortensia. Og barnevogna fungerer fint for blomstertransport. Det går så absolutt mot slutten av hortensiasesongen no, men sidan det ikkje har vore frost enno så er det likevel muleg å finne litt.

 På vegen igjen, nå med helgabukettar til å sette i Hortensiasvingen.
Det vart nok til ein stor fin krans idag også. Har sagt det før, men Hortensia er ein fantastisk plante.

mandag 3. november 2014

Nytt skilt


Har laga oss nytt skilt. Kanskje feil å kalle det nytt ? Gjenbruk er det, men nytt for oss, og akkurat passe røft. Denne fjøla har hatt eit tidlegare liv som båt, nå står den altså i grøftekanten her og ønsker velkommen til Hedleshaug.

torsdag 30. oktober 2014

Allehelgensdag

 Det er fantastisk å gå på tur med trillebår, hente mose på ein stein, klippe litt greiner frå eit tre og kjenne på den freden som berre ei vandring i naturen kan gje.

 Heime i verkstaden laga me gravpynt, fin skikk å pynte gravene til allehelgensdag.

onsdag 29. oktober 2014

Pølseflett - frå fortvilelse til begeistring
 Har aldri prøvd pølseflett før, men det var kjekt. Hadde fortvila mykje pilrester i frysa så me satte igang. Det gjekk mykje pil, men det var igrunne poenget også, og me vart så begeistra over resultatet at no samlar me på rester med stor iver.


lørdag 25. oktober 2014


Kjøkkenflett

 Eg har så mykje lavendel i hagen som eg har hatt lyst til å prøve og flette med, og sidan eg skulle baka brød her ein kveld, vart det til at eg tok alt med meg inn på kjøkkenet. Skulle ønska du kunne lukta på dette bilde :)  fantastisk, lavendel og nybakt brød.

lørdag 18. oktober 2014

Lyspunkt

 "Klag ikke under stjernene av mangel på lyspunkter i ditt liv"  Dette sitatet av Henrik Wergeland blei ei god påminning for meg då eg avslutta ein travel fredag i badekaret på terrassen. Eg låg der og såg på ein fantastisk stjernenehimmel, og sidan det er ganske så mørkt her på landet, blir stjernene desto tydelegare. Om eg kunne telle dei ? Svaret er nei. Prøvde å fange dei med kamera, det gjekk heller ikkje. Men lyset på sida av badekaret fanga kamera - eit, av uendeleg mange lyspunkt i livet mitt.  God helg


Helgabukett

 Sidan eg no er så heldig og har fått lærling, og ho treng å øve på bukettar kjem me til å lage litt helgabukettar og sette i Hortensiasvingen.  Lovar ikkje at det blir kvar helg, men plutseleg så står dei der.