mandag 16. mars 2015

Sol og snø


 Har hatt oss ei fantastisk helg i vinterland. Etter ein liten ferjetur, og eit par timar i bilen blir brøytekantene høge. Kontrastane er store i dette flotte landet vårt. Heime er våren komt langt, og mangfoldet av blomster i hagen er stort.
 Sola varmer, det drypp frå taket og istappane veks seg lange og flotte.

                                       Magiske blåtimen.

 Så langt er lerka mi komt,  nå er det slutt på klippinga for denne gong.
        Trollhasselen blomstrar om kapp med sola, våren er ei herleg tid.

fredag 13. mars 2015


Korga frå veke 11


Polsk korg, håndtaket er av einer.

onsdag 11. mars 2015

Skiferkrukke

 Ei krukke til er ferdig frå "pottemakaren i skuret"   "Nøysomhet, ærlighet og hardt arbeid" var, ifølge Hans Nilsen Hauge viktige verdier for å lukkast med livet. Trur eg kan sei at min gamle far, krukkemakaren på 80 år, innehar alle desse verdiane.

søndag 8. mars 2015

Vårmarked og korgfletting veke 10

 Her er ei av korgene som vart fletta denne veka,  som også fekk være med på marked.
 Titt tei, prøver å gøyme meg eg, men det er kanskje ikkje så lurt når eg skal stå på stand. Det vart ein flott dag,  mykje folk, god stemning og godt salg.

fredag 6. mars 2015

Vårmarked

 Godt å ha tilgang på stor bil når ein skal være med på kunstmarked.
Slik ser det ut i kveld, litt meir kjem til  i morgon. Så er det berre å håpe på mykje folk. Det meldes om kuling og regn,  perfekt vær for kafe og marked. Velkommen til Vikevåg klokka 11

fredag 27. februar 2015

Klartestativ veke 9

 Denne veka skulle me flette klatrestativ til vårmarked neste lørdag. I følge Marianne Mortenson ser eit klatrestativ omtrent slik ut.
 Det er då eg frå "problem"  Eg likar å bruke det eg finn i hagen, og lage min eigen vri på ting - får håpe andre også likar det.
Her er staga av hassel, og kula på toppen kaprifol.


 Denne har berre pil frå min hage, det er stas å hauste og bruke eigen pil.
 Skal nok få vekse blomster i denne til sommaren, men enn så lenge kan den være skulptur med gåsungar. God helg, våren er ikkje langt vekke - iallefall ikkje på Bru.

fredag 20. februar 2015

Veke 8
 Denne veka har me fletta krussedullefat og laga masse egg.

 Kunstlaget i kommunen skal ha markedsdag i mars, og me har sagt ja til å være med. Så nå er det storproduksjon på Hedleshaug.