fredag 13. mai 2016

Kom mai du skjønne milde

Har vore meir enn mildt i mai dette året.

Godt det finnes skuggeplasser i hagen på slike dagar.

Lykke å få arbeide ute når sola skin. Her lages det litt "rufsete klatrestativ" for klematis og andre kjekke ting.
Ei lita hytte til barnebarna klarte me også å snike inn.


På taket her har eg og hatt arbeidsplassen min nokre dagar, og eg seier som Pippi "Dette har eg aldri gjort før, så det kan eg heilt sikkert"  Sedumtak på nybygget, spennande.

Det sprett og blomstrar både høgt og lågt.
Og eg gleder meg over små detaljer, og frimodige fargekombinasjonar.

Pilarbeid og steinarbeid i salig blanding.
Kall meg gjerne "steingal" Kjem langt med spett, sekketralle og nokre stokkar.

Så fornøyd med dagens arbeid, og arbeidsledig blir eg ikkje med det første. God pinsehelg.


søndag 24. april 2016

Litt av alt

 Det har vore ei spesiell veke med både begravelse og konfirmasjonsoppdrag. Flott å få eit slikt syn ein sliten kveld, løftesbuen over verkstaden.




  Taket er snart tett og første vindu på plass.

Stålkanten montert, eg likar det er ser.

søndag 17. april 2016

Nybygget
 Må vise litt meir av framdriften :) Mange kapp og spikerslag, og mykje skjult arbeid - men det skrider fram.

 Skal bli eit magisk rom inni her :)

torsdag 7. april 2016

Nå går det framover
 Grunnen er rydda og klar for neste byggetrinn.


 Det er så spennande og kjekt å være ein del av denne prosessen.
 Glir fint inn saman med det "gamle" og eg har fortsatt tru på at dette skal bli bra.

mandag 4. april 2016

Dekor i kyrkja
            Ærefullt å få dekorere i St Petri.

Stappfull kyrkje, sterk og ærleg fortelling om møte med Jesus av Charlotte Rørth.


tirsdag 22. mars 2016

                  Fortellingen om grasengelen

Sjå ein kjekk liten film her





Påske
 Dette bilde la eg ut her på bloggen ein gong i vinter og sa at eg kanskje kom til å visa kva eg skulle bruke skjella til.



                                                God påske