tirsdag 4. oktober 2016

Bambi
 Janne Helen har fletta seg ein bambi i full størrelse. Fantastisk kjekt å jobbe med pil, og ingen grenser for kva ein kan lage.

tirsdag 27. september 2016


Hausttakkefest

 Flotte materialer til kyrkjepynt og hausttakkefest.
 Kanskje sommaren ikkje var så fin i år, men september har vore fantastisk.  Det bugnar av fargar og former.



 Bildene frå kyrkja vart ikkje så fine, så det blir med dette eine frå alteret.

søndag 25. september 2016


Gratulerer Maria 
"Maria mi" har gjennomført sin første utstilling med glans.
Spennande og krevande å henge opp utstilling i drivhus, men med god hjelp gjekk det bra.

Fantastisk lys og kreativt miljø, rette plassen for Maria sine mange forskjellige produkter.
Klikk på bilde


Litt bilder frå forarbeidet, det har vore ei spennande vandring
Søppel blir kunst - fokus på miljø og forurensning.
Plastslangen, vendens giftigaste slange.

Takk Maria, saman er me best.

lørdag 10. september 2016

Søppelkunst

 8 september, 22 grader og vindstille og me skal til Bruhalsen på skattejakt - lykke.
                                              Mitt paradis

 Småstein tang og tare, og masse søppel. Plast som ikkje høyrer til i naturen, men det kan heilt sikkert brukast til noko kjekt.



 Ein runde i vaskebaljen og så er "råstoffet" klart til bruk. Det går i tobeint vesen med vinger.

Litt spinkel i beina denne karen,  godt med ein stjert å støtte seg på. Og kven treng ikkje nokon å støtte seg til forresten ?  Uansett, støtte eller ikkje,  god helg.

torsdag 1. september 2016

Haust i hagen

 Denne flotte Tibouchina, kjøpt hos Reidun og Jostein på Talje i vår har gleda oss heile sommaren. No blir det spennande om me klarer å ta vare på den gjennom vinteren.

 Dette er også ein litt ny ting for meg,  cala som staude, skal klare seg ute heile året. Fantastisk å kunna gå i hagen og plukke seg ein slik cala, håper den kjem igjen neste vår.




 Cosmosen har endå massa nye knoppar, så her kan det bli blomstring lenge.


 Og så vart det slik ein vakker og sart farge på ringblomsten.

søndag 28. august 2016

Fråtsing


 Trea bugne av bær og tida for fråtsing er her. Sjeldan eg oppfordre til fråtsing, men akkurat nå er det så masse flotte bær, og dei kan brukast til mange kjekkt ting.

 Å liste seg rundt og legge slike hjerter på trappa til folk, er like spennande å gjere som det er kjekt å få. "Den største gleda ein kan ha, det er å gjere andre glad."

 Og så hortensiaen - haustblomsten framfor alle, eg fråtsar litt med den også eg.  Og for dei som bur i nærleiken av Bru og ikkje har hortensia i hagen - det er sjølvplukk i svingen.