onsdag 23. november 2016

Grønn veke

 Denne veka jobbar me med friskt grøntmaterialet, og om ikkje anna så luktar det jul i verkstaden. Torsdag er langdag og åpent til klokka 19

onsdag 16. november 2016

Åpen butikk

 Julastemningen ute var på kort visitt forrige veke, men stemningen inne begynner å komme på plass.
 Naturen, vår store inspirasjonskilde.


 Denne veka blir eg i verkstaden utover fredagskvelden og butikken er åpen frå 14-19 Velkommen innom.

tirsdag 8. november 2016


Hausten slepp taket
 Dei siste blada på villvinen slepp taket, ein fantastisk haust er historie og snart er det vinter.
 Glødande omfavnande kjærleik.

 Blå himmel, vindstille og 3 minusgrader - me måtte berre jobbe ute. Janne Helen fiksar på gamle tre, og eg lagar ny "Jofridvegg" i inngangen til torget. Det skal bli eit flott uterom inni her, rett før julastemningen kjem nå.
           Låg sol og lange skuggar.
Og litt nye produkter, fuglar av silkeleire. Neste veke satsar me på å være klar med julabutikk.

torsdag 20. oktober 2016

Bjørkehjerter

 Livet som bjørketre i grøftekanten er slutt  - "alt har si tid" Men lykke for oss som samlar naturmaterialer.

 Resultat av gårsdagens kurs. Glede, mestring, såre hender og god lukt - kan ikkje bli så mykje bedre.

mandag 17. oktober 2016

Samlar

 For meg som prøver å livnære meg av "gratismaterialer" er samleturar ein viktig del -  ein del eg likar særs godt.

      Fullasta traktor og ein søppelsekk med "englegras"
                               Lykke i ein grøftekant.
Siste lass med hortensia denne hausten.

mandag 10. oktober 2016

Englekurs

 Forarbeid til englekurs er bl.a ein tur i marka for å hente trestubbar.



 Var litt usikker på om damene klarte ein slik stor engel på ein kveld, men med litt forarbeid gjekk det bra.  Mange flotte englar vart det. Og tenk, englane "satt" i bilane med bilbelte då dei kjørte frå Hedleshaug den kvelden.

fredag 7. oktober 2016

Fredagslykke

Balsam for kropp og sjel å komma til Line på ein slik dag.
 Så utruleg flott landskap, minner litt om New Zealand. Ikkje det at eg har vore på New Zeland, men det er noko med dei rette trea, litt utypisk,  mest vindskeive og krokete tre her.
 Møtte ein triveleg mann her idag. "Så fint å snakke med deg" sa han. "Det er så vakkert her, og det går ikkje å fortelle det til noko som ikkje har opplevd det" Så hadde me ein god prat om livet og kor fantastisk flott det er på Line.  Magisk øyeblikk
 Fotte villsauene og, sjølvom dei åt opp eple mitt mens eg bada.

Bru sett frå Linesteinen


 Dagens fangst: ein stor boks med glasskår og ein pose med kongler.  Kan fort bli noko av det.





 Koppholdar til kaffekoppen høyrer med ein slik dag.
                                                   Storskarven ved Grønnland
              
Mitt forslag til haustferieaktivitet - ein tur til Line