mandag 18. juni 2012

Søte små korger
- nå manglar eg berre hønene, så kan eg vandre barbeint rundt i hagen og plukke egg.

Har vore på ny flettemodul, og lært nye teknikker. Så utruleg mykje kjekt ein kan gjere med pilflett.



onsdag 13. juni 2012

Sommarblomster

Lobelia er ein av mine favorittar, her saman med margritter og campanula. La sommaren blomstre.


tirsdag 5. juni 2012

Hagegleder

                                       Trepioner
Kortvarig nytelse, det gjeld å ta seg tid til å sjå og oppleve når det skjer.
Desse flotte trepionene har eg fått av ein kar som jobbar i Arboret, det har tatt mange år, men nå er dei blitt til små riktblomstrande tre. Bladverket er fantastisk,  frøkapslar er utrulege i formen og frøa er store svarte firkanta. 





Sjå og nyt,  flott farge.




tirsdag 29. mai 2012

Pilhytter

Spennande og utruleg kjekt prosjekt eg fekk være med på. Desse hyttene er laga til ein barnehage,  håper det blir mykje lek og glede her.






Klar for tur.

Takk til Siril for 3 fantastiske arbeidsdagar,  har aldri fletta noko så stort før.

lørdag 21. april 2012

mandag 2. april 2012

Kunstverk frå naturen.

Någen jobbe best om nåttå. 
Ufatteleg kva dei kan få til, dei småkrypa.





Eit godt minne om mor - ho som var så glad i hagen sin og alle blomstene.

tirsdag 27. mars 2012

Fletta piltre

Nyfletta piltre - litt kunstige ja, men fasinerande likevel.
For ei livskraft, berre å stikka pinnane i jorda, så spirer dei så ein mest kan høyra det.
Dobbel 


eller trippel, alt er muleg.


Etter ca. ei veke i jorda sprett knoppane. For ikkje å dekke heile flettemønsteret, må ein ta kaffekoppen i handa - tidleg om morgonen, mens det ennå er dogg, og så plukke forsiktig av alle knoppane på sidene - det er berre i toppen det skal bli grønn krone. Og så er det  kjempeviktig med vatn, bør ikkje tørke ut nå i startfasen.            .
Vil du sjå korleis dei blir med grønn topp, sjekk Døsen Pilgard    Nyt dagen, våren og livet, kjære venner.                                                       
Det kan fort bli ein "tett levegg" av dette.