søndag 19. juni 2016


1000 åpne hager

Annette frå Sokn viser flotte dukar.



Det blir planter frå Talje å få kjøpt.

Siril har flettekurs for dei som vil prøve seg på ein fisk eller to.
Og Bjørn fristar med kaffe og munngodt i garasjen.  Håper her er noko for ein kvar smak.

tirsdag 14. juni 2016

1000 åpne hager

Det har skjedd store forandringar i hagen på Hedleshaug denne våren. Nå begynne ting å falle på plass, men ferdig blir eg aldri - hage er prosess og forandring for meg :)
Glede meg til åpen hage søndag 26 juni. Hagen er "åpen" frå 12-17  her vil også være plantesalg, kafe, pilkurs og salg av andre flotte og spennande produkter.



Noko spesielt og fasinerande med svarte blomster.








Nokre takkar for seg og gjev plassen til andre.
Kanina og eg nyt livet i hagen på kvar vår måte.
Velkommen inn i hagen 26 juni.

onsdag 1. juni 2016



Gjer kvardagen god

Klar for kjekt oppdrag. Foredrag på Låven om boka,  skaperglede og kreativitet. Og om kva som gjer min kvardag god. Det å sleppe å kjøre bil er ein av mange gode ting. Trillebåra er min gode venn.

tirsdag 24. mai 2016


Planter
 Fantastisk flott rødorange pasjonsblomst, passar perfekt i ei unik skiferkrukke.

 Sjølvom det framleis pågår "byggerier" er det flotte planter frå Gard gartneri på Talje å få kjøpt.

 Ser du trillebåra full av planter ?

torsdag 19. mai 2016

Helse i kvar pinne

 I dag har me vore i bjørkeskogen og laga bjørkehjerter. Akkompagnert av sauebrek og fantastisk fuglekvitter. Lukt, lyd og lys i skogen er balsam for kropp og sjel.
 Og lykken er når speidarane feller bjørketrea og legg riset klart til oss.


 Dagens produksjon.

fredag 13. mai 2016

Kom mai du skjønne milde

Har vore meir enn mildt i mai dette året.

Godt det finnes skuggeplasser i hagen på slike dagar.

Lykke å få arbeide ute når sola skin. Her lages det litt "rufsete klatrestativ" for klematis og andre kjekke ting.
Ei lita hytte til barnebarna klarte me også å snike inn.


På taket her har eg og hatt arbeidsplassen min nokre dagar, og eg seier som Pippi "Dette har eg aldri gjort før, så det kan eg heilt sikkert"  Sedumtak på nybygget, spennande.

Det sprett og blomstrar både høgt og lågt.
Og eg gleder meg over små detaljer, og frimodige fargekombinasjonar.

Pilarbeid og steinarbeid i salig blanding.
Kall meg gjerne "steingal" Kjem langt med spett, sekketralle og nokre stokkar.

Så fornøyd med dagens arbeid, og arbeidsledig blir eg ikkje med det første. God pinsehelg.