tirsdag 17. desember 2013

Julastemning
Litt dårleg med julastemning frå naturens-side, men det er jo så mykje kjekt me kan gjere sjølv. Pakk inn plantene i pottene for eks. dei som ikkje er så glad i den kalde vinteren - større sjanse for at både planter og potter klarer seg. Granbar, einer eller andre vintergrønne ting fungerer bra. Strie er også eit spennande materiale, Clas Ohlson selger det.



          Sibirkornellgreinene er flotte på denne tida.
 Når mørket kjem blir det berre endå meir stemning. Håper dette inspirerer fleire til å lage litt kos på trappa.

Jularoser og svibel klarer seg godt ute. Eg lar forresten azaliane mine også få seg litt frisk luft. Med den temperaturen me har nå trives dei mykje betre ute i regnet, enn inne i den varme stova.
    Håper dokke har tid til å kose dokke midt i "julastriå" Husvasken tar me til våren :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar