tirsdag 8. september 2015

Hagelykke

 Dei siste dagane har eg hatt fint besøk i hagen. Dagpåfugløye, denne er ikkje så vanleg som Admiralen. Så eg måtte lese litt om den, Store Norske seier den er sjeldan på Vestlandet, larven lever på brennenesler. Dei store augene på vingene liknar på dyreauger og er der for å skremme fuglane - fantastisk skaperverk. Tenk det, for at ikkje fuglane skal ete den opp har den bilder av skremmande dyreauger på vingene.
                       Denne et iallefall ikkje sommarfuglar.
 Lenge sidan eg har hatt erteblomster - sniglane har tatt dei. Men iår la eg ut mykje brendt kalk og klarte dermed å få dei til å vekse opp. No plukkar eg bukettar og nyt den fantastiske lukta fleire gonger i veka.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar