Velkommen til Hedleshaug
Har nokon lyst å komme innom er det berre å ta kontakt - åpningstidene her er når eg er heime :) Denne hausten planlegg me også å være på folkeverkstaden på Vikevåg ein dag i veka - eit spennande prosjekt som eg kjem tilbake til.
Me er stadig på tur med trillebåra. Og når me har lasta opp altfor mange steinar saman med plastsøppel og andre skattar - kjem det jammen ein engel på traktor og kjører lasset heim.
Så utruleg mykje flott å møte på, på ein tur til Bruhalsen ein heilt vanleg onsdag.
Etter ein runde i vaskebaljen tryller Maria fram fantastisk flotte fuglar av plastsøppel - 100 % ikkje nedbrytbare, men gjennbruk på høgt plan. Det blir salgsutstilling våren 2018.
Eg får det betre til med pil, undrast på om det er kylling i egget ?
Og så har me endeleg starta med krukkeproduksjon i nytt lokale. Her er starten på mi første skiferkrukke - dette er spennande.
Som sagt, er det noko som fristar, treng du inspirasjon, ein plante til hagen, eit hjerta til veggen, ein kaffeskvett og ein drøs eller har du lyst å gå på kurs - ta kontakt: tlf. 975 38 321, jofridbru@gmail.com eller Hedleshaug på facebook
Så mye herlig å se og lese. Må snart te en tur ut til deg :):):). Hilsen Inger
SvarSlettJa Inger :) det hadde vore kjekt - alltid velkommen.
SvarSlettTror jeg snart må på en Stavanger/Bru tur! Nyt kreativiteten vider og plutselig slår jeg på tråen. Klem fra gartneren i Sandefjord Gunnhild
SvarSlettÅ ja Gunnhild, kan du ikkje gjere det ? Hadde vore kjempekjekt :) meir enn 30 år sidan sist - så det er igrunnen på tide - du er hjerteleg velkommen :)
SvarSlettThank you :)
SvarSlett