lørdag 23. juni 2018

               Velkommen i hagen


 Har "potla" litt i hagen i dag også, mykje meir kunne vore gjort, men det er godt nok nå. 1000 åpne hager er ikkje for dei perfekte hagane - dei som liknar på parkar. Nei det er for dei heilt vanlege, dei som lever sitt gode hageliv. Er ein sånn hage me har, ein hage me trives i - ein hage me kan gjere noko med.  For det likar me, er både hygge og helse i hagearbeid - og så kjekt når eit nytt prosjekt er ferdig. Me har mange prosjekt me drøymer om, og nettopp det er så viktig og spennande, drømmen og prosessen. Men nå er nå, og nå er det slik det er. Håper hagen vår kan være til glede og inspirasjon.


 Mykje fine "Taljeblomster" her,  har litt for salg, men om du har tid anbefaler eg å ta turen videre til Jostein på Talje.

"Dammen" har også fått vanliljer.


 Parkering ved bedehuset, vegen opp bakken er merka med slike fine små vimplar. 
Velkommen mellom 13 og 17

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar