mandag 11. februar 2019


         Lyssiv og grøftekantgras

 Mykje kjekkare å finna materiala som trengs i grøftekanten og ute på marka, enn å kjøre til byen  å handle.
 Ikkje så mykje blomster i hagen enno, så eg måtte til byen likevel.



 Oppdraget var bordpynt til årsmøte i bondelaget. Ideen var: Inspirasjon til aldri å gje opp kampen mot uønska vekster i landbruket. Høyballane er organiske, lyssiva er surra med ståltråd som ein metafor på "gifta" som overtek beitemarka om ein ikkje er nøye med å få vekk det som ikkje høyrere til.
 "Lyssiv har auka veldig dei siste åra. Menge reknar det nå som det mest problematiske ugraset i beite. 
Derfor har Bioforsk sett i gang eit stort forskningsprosjekt for å finna ut av kva denne endringa skuldast."  Kilde: Norsk Landbruksrådgiving



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar